På veg heim frå Herøy, fekk eg tatt turen innom Flø der eg ikkje har vore sidan eg var fire-fem år gammal. Eg har berre høyrt om denne staden – mormor mi som heitte Flø før ho gifta seg, foreldra hennar som kom frå Ytre og Indre Flø. Tett på storhavet, med dramatisk natur. Oldefar… Fortsett å lese Flø
Kategori: Forfattarbesøk og skrivekurs
Ute i havgapet
For tredje gong er eg tilbake på Herøy, for å ha skrivekurs med åttandeklassingar. Det er stor stas å få komme tilbake. Då vi køyrde frå Hareid til Herøy på morgonen i dag, var det eit nydeleg blåskjær over fjella og eg innsåg at det er første gong eg kjem ut hit og det ikkje… Fortsett å lese Ute i havgapet
Skrivekurs for 130 elevar
Det var svært gøy å få komme tilbake til Fagerlia, min gamle vidaregåande skule, for å ha skrivekurs for omtrent 130 elevar. Eg hadde vridd hovudet mitt på førehand, for å finne best muleg måte å få dette til. Vanlegvis liker eg helst å ha små grupper, og vi delte opp elevane i grupper. Eg… Fortsett å lese Skrivekurs for 130 elevar
Tilbake til vidaregåande
I år er det akkurat ti år sidan eg kom meg ut av vidaregåande – og i morgon skal eg tilbake til Fagerlia, skulen der eg blei glad i realfag, lærte å hate pip-testar i gymtimen, las om lyriske strukturar i friminutta – og ein heil del anna som ein får tid til i løpet… Fortsett å lese Tilbake til vidaregåande
Røroseventyr
Etter berre eit knapt døgn på Røros, har eg blitt småforelska i staden. Det har vore sol og kneistrande kvit snø. Hotellet vi låg på hadde fyr i peisen, og nokre gjestar som spelte brettspel i fellesområdet. Overalt kvar eg gjekk, var husa små og søte og sparkane stod klare utanfor. Då vi besøkte Røros… Fortsett å lese Røroseventyr
På eventyr med bokbussen
Første dag på eventyr med Bokbussen! Det starta i eit slafsete Trondheim, med regn som øydela nysnøen frå dagen før. Tidleg på morgonen gjekk eg til folkebiblioteket for å bli møtt av bokbussjåføren. Før biblioteket hadde opna, stod eg der, og blei henta inn i bygget frå ei sidedør. Det var som om eg skulle… Fortsett å lese På eventyr med bokbussen
Då vaktmeisteren blåste på fuglen som hadde kræsja i vindauget og andre historier frå livet på tur
No har eg vore på vegen i over to veker. Eg sit att med minne frå svært mange hyggelege skulebesøk, elevar som er meir og mindre interesserte i å lese og skrive, og innsida av mange lærarrom. Autografhanda har ikkje akkurat slite seg ut, men fint er det når ein ung elev, etter å ha… Fortsett å lese Då vaktmeisteren blåste på fuglen som hadde kræsja i vindauget og andre historier frå livet på tur
Turnéliv
Statusoppdatering på kultursekkturneen: Dei siste tre dagane har eg vore i over ti kommuner Dei siste tre dagane har eg tatt ferge ni gongar Eg har køyrt meir samanhengande enn nokon gong tidlegare Eg har køyrt feil og plutseleg vore i Sogn & Fjordane Eg har møtt svært mange hyggelege elevar og lærarar Dagen i… Fortsett å lese Turnéliv
Tilbake til ungdomsskulen
På fredag var eg tilbake på min gamle ungdomsskule. Mange gongar har eg gått gjennom desse gangane, stressa eller nysgjerrig skrivande i notatboka mi. Smådeppa eller småforelska. Som regel den som ikkje stakk seg fram og som var stille i timane. Sidan det var nydeleg flott vêr, gjekk eg til skulen. Litt tidleg ute, så… Fortsett å lese Tilbake til ungdomsskulen
Dag 1 med kultursekken
Det skal vel ikkje berre gå glatt første dag på turné. Det er godt poloen min, Pollyanna, er optimist, så eg prøver å lære av ho. Det var i alle fall ein svært vakker morgon som møtte meg utafor døra. (Eg har vakse opp med denne utsikta, likevel kan ho dra pusten ut av meg.… Fortsett å lese Dag 1 med kultursekken