I Saving The Alphabet av Alan Bigelow får bokstavane liv, før dei blir tatt av dage. Går det an å beskrive ein bokstav når han har forsvunne? Nei, sannsynlegvis ikkje. Etter kvart som ein les tekstane, legg ein merke til at bokstavane ein har vore innom, forsvinn inn i bakgrunnen. Det er ikkje mange bokstavar ein… Fortsett å lese Redd alfabetet!
Måned: oktober 2012
Store tankar om tabellar
Mot slutten av syttenhundretalet vart det produsert spesialiserte tabellar, som navigasjonstabellar for sjømenn, stjernetabellar for astronomar og livsforsikrings-tabellar for aktuarar. Tabellane vart produserte av menneskelege datamaskiner (human computers), utan noko mekanisk hjelp. Mange tabellar skulle produserast, og éin feil i ein slik tabell kunne få katastrofale følgjer. Då er det kanskje ikkje så rart at nokon… Fortsett å lese Store tankar om tabellar
Hyttetur anno 2012
Glatte skjermar, feitt frå fingertuppar, blitslys som speglast. Problemet når ein telefon ringer: Vibrasjon gjennom golv og veggar, er det min eller din eller han sin? “Apparently we love our own cell phones but we hate everyone else’s" – Joe Bob Briggs Eller så kan ein ha moro med kvarandre sine telefonar, og lage eit samarbeidskunstverk… Fortsett å lese Hyttetur anno 2012
Tiden ejer ogsaa os.
Tida er vår, og det stemmer som dei seier: Dess meir ein har å gjere, dess meir får ein gjort. Men av og til, som etter ein tur til Oslo der alt har gått i eitt, kan det vere fint å setje seg ned og la tida gå for alle andre, medan eg sjølv berre… Fortsett å lese Tiden ejer ogsaa os.
Bokstavdikt
Er det viktig at eit dikt er eit ope eller lukka verk? Er det viktig med tradisjon eller form? Meining eller meininglause, innhald eller mediumet det blir laga i? Skal diktet vere subjektivt eller objektivt, intellektuelt eller skrive med eit tjukt lag kjensler? Ana Maríe Uribe har laga verket (Gym 3) over, ho kallar det anipoems… Fortsett å lese Bokstavdikt
Haust i klasserommet
I dag kom hausten inn i førelesinga, øvst i etasjane på Sydneshaugen skule. Vi las E. E. Cummings: l(a le af fa ll s) one l iness Læraren seier: ”Here comes the breeze” og strekkjer ut armane som om han er eit tre, fingrane er tynne små greiner som vaiar i vinden. Vi les diktet… Fortsett å lese Haust i klasserommet
Med tida flyg teksten av garde
Det finst ein god del elektronisk litteratur som tar kontrollen over kor fort du må lese for å få med deg teksten. Eit døme er Star Wars, one letter at a time. Tittelen seier det som det er: I dette verket kan du lese Star Wars bokstav for bokstav, medan du høyrer korleis skrivemaskina operar.… Fortsett å lese Med tida flyg teksten av garde
Tenke gjennom teknologien
Verktøy formar oss. Korleis tenkje gjennom den digitale teknologien? Dei ulike måtane å skape tekst på, gjer noko med språket. Eg kjenner ein som alltid skreiv sine teatermanuskript for hand først, før han førte det inn på datamaskin. Tomas Espedal skriv sine manuskript på skrivemaskin. Emily Dickinson fekk berre trykt nokre få av sine tekstar… Fortsett å lese Tenke gjennom teknologien