Sensur, spionasje og sanning

Då eg skreiv «Lyden av to hender» måtte eg reise i både tid og geografi til Ungarn under kommunismen.

Det var mange år med research og turar til Ungarn, ei større forståing av at vi blir prega av landa vi veks opp i og at det er lett å gå seg vill. Med bilder frå turane og utdrag frå boka fortel eg om denne prosessen. Viktige tema i boka er sensur, spionasje og kven eig sanninga.

I formidlinga får elevane sjølve reflektere over problemstillingar rundt sensur og sanning gjennom oppgåver knytt til forbudte bøker. 

Dette opplegget vil passe både innanfor samfunnsfag og norsk, og tar for seg tema som kjeldekritikk, demokrati og diktatur. Det passer for ungdomsskulen og vidaregåande.

Vil du vite meir?

Ta kontakt på post@sunnivaberg.no eller via Norsk forfattersentrum.