Polarnatt – forteljingar om flukt

I boka Polarnatt møter vi Ilias og Amira. Dei har rømt frå asylmottaket. Kva er det Ilias har gjort? Kven kan han stole på?

Frå det som er ei fiktiv spaningshistorie, trekker formidlinga inn det reelle bakteppet: Mange er på flukt i dag, mange kjem til Norge for første gong.

Elevane får reflektere over spørsmål om å kjenne seg åleine og korleis vi kan sjå og hjelpe andre. Elevane får òg høyre frå tre personar som sjølv har vore på flukt (frå Kosovo, Ukraina og Eritrea). Ved å snakke og tenkje høgt om temaet, er håpet at vi saman får ei større forståing for at vi alle er medmenneske, som kan bidra til å gjere kvardagen betre for kvarandre. 

Tilbakemelding på opplegget

Kulturkontakt ved Valle skule, gav denne tilbakemeldinga, etter at det blei gjennomført på turné med Den kulturelle skolesekken skuleåret 2023/2024:

Du hadde god kontakt med elevane, hadde varierte innfallsvinklar, tok i bruk forarbeidet elevane hadde fått tilsendt og svart på, på ein veldig god måte.

Fint å sjå og høyre frå boka på smarttavvla.

Du gav ei god innføring i det å vere forfattar og det var spennande å høyre litt om stega frå bokide til bokutgjeving.”

Kulturkontakt, Valle skule

Vil du vite meir?

Ta kontakt på post@sunnivaberg.no eller via Norsk forfattersentrum.