På Breimyra skole opplevde eg å bli klappa for før eg hadde starta. Elevane var lyttande og engasjerte. Mellom anna blei eg spurt om eg såg hotel cæsar og om eg liker Justin Bieber. Han er ikkje nokon eg har høyrt veldig mykje på, men nokså ofte dukkar han opp på radioen og då er… Fortsett å lese DKS Skuleturné #5: Skrivemusikk
Måned: september 2012
DKS Skuleturné #4: Romankarakter
På Gimle skole fekk eg besøke to åttandeklasser som var ivrige og oppmerksomme. Mange spørsmål blei stilt, alt frå kvifor boka heiter Utfor og om eg har lyst på barn ein gong i livet. Og korleis kan eg vere 24 år, når eg ser ut som ein tjueåring? Ein av elevane spurde om eg ikkje… Fortsett å lese DKS Skuleturné #4: Romankarakter
DKS Skuleturné #3: Digitalspråk
Bergen kristne grunnskole var ein lang gang inne i eit stort bygg, med imøtekommande lærarar og elevar. Før eg gjekk til klassa eg skulle snakke for, fekk eg ein hyggeleg prat med rektor. Mellom anna snakka vi om kor mykje språket har utvikla seg. Dei siste førti åra har språket utvida seg og tatt inn… Fortsett å lese DKS Skuleturné #3: Digitalspråk
DKS Skuleturné #2: No Return
I dag stod Storetveit for tur. Ein labyrint av ein skule, med mange hyggelege rom. Eit lyst og flott bibliotek, og eit rom med det treffande namnet: Romslig, der eg kunne sitje og slappe av før neste økt. Det vart òg tid til å snakke om titlar i pausane. Utfor var ein tittel som kom… Fortsett å lese DKS Skuleturné #2: No Return
DKS Skuleturné #1: Jentemobbing
Tidleg morgon byrja eg turen ut av Bergen sentrum. Eg fekk oppleve bybanen på morgonen, eit kaldt Nesttun. Då eg kom fram til Rådalen hadde sola kravla seg oppafor åskammen og der ho trefte asfalten var det varmt. Det blei eit spanande møte med ein moderne baseskule. Skulen har starta på sitt femte år i… Fortsett å lese DKS Skuleturné #1: Jentemobbing
På ein sti til ukjend verd
Korleis dikte om å gå ein tur? Korleis fange opplevinga frå ein fjelltur? I diktet Din veg av Olav H. Hauge er motivet ein fjelltur, brukt metaforisk: Ingen har varda den vegen du skal gå ut i det ukjende ut i det blå Dette er din veg berre du skal gå den og det er… Fortsett å lese På ein sti til ukjend verd
Lyd og stille
Immanuel Kant skal ha sagt: ”There are two things that don’t have to mean anything in order to give us very deep pleasure; one is music and the other is laughter.” Under dagens førelesing snakka vi om at det finst ein flott poetisk tradisjon på ”jibberish”. Når ein skriv tulleord kan fokuset vere på andre… Fortsett å lese Lyd og stille
Våt september
Midt mellom buldrande torevêr og regnbyger så insisterande; ein regnboge, eit pustehòl. Varte berre to minutt, men det var eit pustehòl. (Ei våt veke i Bergen)
Tekstlege eventyr
Tekst kan vere eit svært kraftfullt medium og kan produsere oppslukande opplevingar. Dette fekk vi ein fin diskusjon på i e-litteraturforelesing, etter at heimeleksa var å spele MUD. Hans Fredrik Dahl skreiv i Dagbladet at ”Musikk og musikkteknologi spiller større rolle for unge mennesker i dag enn dikt og diktsamlinger, mens visuell kultur vekker dypere… Fortsett å lese Tekstlege eventyr
Kulturnatt i Bergen
I går var eg på kultursafari i ei regntung natt. Nett slik det skal vere, når Bergen er staden. Det var mange opne galleri og museum, det var musikk rundt kvart gatehjørne, skrift over heile Festplassen, dansing på Torgallmenningen. Eit program med mange mulegheiter. Utan ein plan, trakka vi ut under regndropane, vart hanka inn… Fortsett å lese Kulturnatt i Bergen