Vi er i Bergen no, og på ein fridag som Kristi Himmelfartsdag, er det fint å gå på tur. Uansett vêr. I Portugal skal nokre av vennane våre møtest på stranda, fordi sommaren har komme. Vi er i slutten av Mai, så sommaren er nok like rundt hjørnet her òg. Men i dag var det… Fortsett å lese Ei synleg samling små vanndropar
Måned: mai 2017
Allmenn teori om glemsel
Like etter at eg kom heim frå Portugal, høyrde eg ei melding av den portugisiske boka Allmenn teori om glemsel. Handlinga var frå Angola og eg har blitt kjend med fleire frå Angola medan eg var i Portugal. Som om ikkje alt det allereie gjorde at eg ville lese boka, så var boka basert på ei sann… Fortsett å lese Allmenn teori om glemsel
Kjære Ludo: Jeg er lykkelig nå
Som blind ser jeg bedre enn du. Jeg gråter for din blindhet, for din avgrunnsdype dumhet. Så enkelt det ville ha vært å åpne døren, så enkelt det ville ha vært å gå ut på gaten og omfavne livet. Jeg ser deg speide forskremt ut av vinduene, som et barn som kikker under sengen, redd… Fortsett å lese Kjære Ludo: Jeg er lykkelig nå
Av og til
Av og til er du berre rar. Av og til har du festa kjolen i strømpebuksa på ein café og du oppdagar det først etter fleire minutt, på veg til disken. Av og til, eller same dag, på same café, strekker du deg med armane over hovudet, slik at du dunkar hendene i hovudet på… Fortsett å lese Av og til
Det rare ved det gamle nye
Brått er eventyret over. Vi er tilbake i Norge. Alt er nytt og annleis og veldig kjent. Å kjenne varmt vatn over fingrane når du vaskar hendene. Bilar som køyrer sakte og stoppar før du har komme til gangfeltet. Ingen kyssing når du møter kjentfolk. Bergen som du før syntest var ein fargerik by, er med… Fortsett å lese Det rare ved det gamle nye