“But why shouldn’t you go outside?” she exclaimed, “It is perfectly legal, perfectly mechanical, to visit the surface of the earth. I have lately been to a lecture on the sea; there is no objection to that; one simply summons a respirator and gets an Egression-permit. It is not the kind of thing that spiritually… Fortsett å lese The question shocked her beyond measure
Kategori: E-litteratur
Ferdigsnakka
Ferdigsnakka er en utgivelsesplattform for lydboksingler. 50 prosent litteratur og 50 prosent musikk.
Det er spanande at nokre lagar eit slikt konsept, der dei kombinerer litteratur og musikk. Ny podcast kjem ut kvar måndag. Fint å lytte til.
Så kan man selvsagt innvende at musikken er distraherende, eller at hele konseptet er en falliterkæring for litteraturen. Tekster som trenger musikkakkompagnement må jo være alt for kjedelige, eller så er forfatterne alt for dårlige til å lese høyt.
Men er det ikke strålende at noen prøver å jazze opp greiene litt, da? Nytekning om litteraturformidling ser man sannelig ikke hver dag.
Eg trur òg det er strålande at nokon prøvar å tenkje nytt rundt formidlinga av litteratur. Dette gjer ikkje litteraturen i seg sjølv mindre interessant. Framleis vil eg lese bøker, og ha andre opplevingar når eg dukkar inn i boksider enn når eg høyrer tekst lese opp. Men det er spanande å sjå litteraturen brukt på andre måtar òg.
Ferdigsnakka minner meg om eit anna litteraturprosjekt eg liker godt: Gasspedal animert. Der er det både opplesing, bakgrunnslyd og eit visuelt uttrykk.
Om kjensler og empati – og dataspel
Korleis skrive slik at lesaren kan oppleve det same som karakteren? Då eg var yngre kunne eg skrive ei historie og etterpå vere frustrert over at alt eg hadde gjort og følt saman med karakteren (sinne, sitrande glede, uendeleg sorg) ikkje kom fram i orda. Det eg hadde skrive var berre setningar, ord etter kvarandre… Fortsett å lese Om kjensler og empati – og dataspel
Er poesi programmering?
Kan html-kode vere poesi? Bak kvar einaste nettside er det tekst: kodar som bestemmer korleis sida skal sjå ut. Det er datamaskina som les denne teksten, tolkar han og viser han fram. Samstundes er det tydeleg at kodane er laga for menneske. Sjølv ein ikkje-programmerar som meg sjølv kan gå inn i kjeldekoda og lese… Fortsett å lese Er poesi programmering?
Vakker og elegant iPad-applikasjon
Stjernetime er ein iPad-applikasjon som fortel historia om Stella Aviaja Aster. Frå første tekstbit er det klart at noko har skjedd, ho som leidde andre på veg, er no ho som leitar etter andre. Teksten er skrive av den danske forfattaren Merete Pryds Helle og illustrert av Anne Marie Ploug. «Jeg tænkte: Jeg er lys… Fortsett å lese Vakker og elegant iPad-applikasjon
Å lese med fingrane
Strange Rain er ein applikasjon for iPad, iPhone og iPod touch som fortel historia til ein mann som stiller seg ute under open himmel. Det regnar, ein høyrer korleis regnet treff bakken. Stemninga blir heilt spesiell, ein kan sjølv regulere kor mykje det skal regne, sjølv trykkje på skjermen og få ord og spredte tankar… Fortsett å lese Å lese med fingrane
Kjærleik i fjesbokas tid
Ei venninne sa til meg at ho ville slutte å lese twilight og andre kjærleiks-historier, for det gjorde at ho nærast vart skuffa over korleis kjærleiken verkeleg er. I kontrast til den Hollywoodske “danse på rosa skyer”-kjærleiken, har eg skrive mitt første e-litterære verk kalla Love in the Time of Facebook. Tittelen spelar på Gabriel… Fortsett å lese Kjærleik i fjesbokas tid
Gjer meg
Seattle Drift er ein tekst som tryglar deg om å “gjere seg”. Do me. I just want you to do me. Eg har alltid syntest at ord har noko intimt over seg, og denne teksten spelar på det: Eg er ein dårleg tekst. Eg pleidde å vere eit dikt men glei vekk frå scena. Gjer meg.… Fortsett å lese Gjer meg
Flagrande tankar
A reading of “ThoughtsGo” by David Knoebel from Sunniva Berg on Vimeo. Vi fekk i oppgåve å lage ein video om ein elektronisk tekst. Dette vart resultatet, basert på teksten ThoughtsGo av David Knoebel. I denne teksten blir tankane samanlikna med fuglar, og han utfordrar oss til å tenkje over korleis vi oppfattar og tenkjer. Fuglar… Fortsett å lese Flagrande tankar
KISS
Det enkle er ofte det beste. Eller som vi lærte på Industriell Design: Keep It Simple, Stupid. Det er ofte at interessante løysingar kjem ut av trange kår, at det kan vere nettopp avgrensingane som gir grobotn for nye, grensesprengande tankar. Den vanskelegaste oppgåva er ofte: Design kva som helst. Skriv om kva som helst. … Fortsett å lese KISS