Å utforske verda med ord
Dei viktigaste ingrediensane er skriveglede og fantasi.
Med korte og lengre skriveøvingar, vil elevane få bruke fantasien og utforske verda gjennom ord, og få innspel undervegs.
Ved hjelp av bilete og ord er det mange artige skriveøvingar ein kan forsøke seg på, som kan utfordre språket til elevane. Ønsket er at elevane skal sjå mulegheitene som finst, og kunne vere fri frå formelle krav om kva som kan vere og ikkje vere ein tekst.
I løpet av kurset vil ein få meir kunnskap om dialog, det å skape personar, skildringar og korleis komme i gang med ein tekst.
Vil du vite meir?
Ta kontakt på post@sunnivaberg.no eller via Norsk forfattersentrum.