Elevane får reflektere over spørsmål om å kjenne seg åleine og korleis vi kan sjå og hjelpe andre. Elevane får òg høyre frå tre personar som sjølv har vore på flukt (frå Kosovo, Ukraina og Eritrea). Ved å snakke og tenkje høgt om temaet, er håpet at vi saman får ei større forståing for at vi alle er medmenneske, som kan bidra til å gjere kvardagen betre for kvarandre.
Det digitale opplegget kan gjennomførast i løpet av ein til to skuletimar. Opplegget består av videoar og oppgåver elevane skal gjere i klasserommet. Ta kontakt på post@sunnivaberg.no eller via Norsk forfattersentrum viss du vil vite meir.
Elevane får:
- Gjennomføre ein kahoot etter å ha fått ei opplesning frå Polarnatt
- Gå rundt i klasserommet og gjere eit bokintervju med kvarandre
- Skrive sjølv og reflektere over spørsmål om å kjenne seg åleine og langt heimefrå.
- Avslutte økta med å teikne, medan dei høyrer nytt utdrag frå Polarnatt
Eg har fått gode tilbakemeldingar på dette opplegget, etter at det blei gjennomført i mange ulike 6. og 7. klasser i regi av Strilabiblioteket. Ei av tilbakemeldingane var:
Fekk fine litterære samtalar med elevane om boka og det å vera asylsøkar
Forfattarmøte i etterkant
I etterkant kan vi arrangere eit digitalt eller fysisk forfattarmøte. Då sender lærarane inn svara til elevane og teikningane dei har teikna. Dette er med å forme presentasjonen eg har for elevane. Eg startar med å skildre kva som skal til for å bli forfattar, kva som er viktig å tenkje på når ein skriv ein tekst som andre skal lese, skildring, oppbygging osb. og kva som fekk meg til å skrive Polarnatt. Mot slutten viser eg elevane sine teikningar og svara dei har gitt. Eg plukkar ut dei svara som går att mest, og bruker dette til å vise at vi alle kan kjenne oss einsame innimellom, men at elevane òg har komme fram til så mykje bra som kan hjelpe for dei som kjenner seg einsame. Elevane har blitt engasjerte når dei ser sine eigne svar og teikningar på veggen.
(Om det ikkje er muleg å få til eit fysisk forfattarmøte, kan dette gjennomførast på Zoom eller tilsvarande.)
Eg har mottatt litt produksjonsstøtte frå Norsk forfattersentrum for å utvikle dette opplegget i samband med bærekraftsbiblioteket. Det blei gjennomført med stor suksess i strilabiblioteka i veke 38 og 39 2022.