Bøker

Eg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Det norske Samlaget og Gyldendal forlag. På denne sida finn du ei oversikt over bøkene mine, og kva for antologiar eg har vore med i.

Soldagen

Kjøp Soldagen på Norli.no

Frittståande oppfølgar til Polarnatt, lettlesen action i snødrevet.

Maja hamnar stort sett alltid i trøbbel. Ho har akkurat krangla med mora si, for deretter å stikke heimanfrå. No sit ho på nattbussen på veg til tanta, som bur fleire timar lenger nord. 

Ilias er også i trøbbel. Han har rømt frå asylmottaket, skuldar pengar til Nils og gjengen, og har attpåtil lova mora å passe godt på veslesøstera si, Amira.

På uventa vis møtest vegane til Ilias og Maja. Saman blir dei vikla inn i eit nervepirrande drama der altfor mykje står på spel og mange har mykje å tape.

Boka er illustrert av Bjørn Rune Lie.

Alfabetjakten

(Gyldendal, 2023)

Denne vakre bildeboka tar barna med på en vilter alfabetjakt full av morsomme og rare ord. Her skal man finne den neste bokstaven i alfabetet ved å lete etter ordet som ikke passer inn på siden.

Alfabetjakten tar barnas bokstavnysgjerrighet på alvor. For de minste er det mye å se og peke på, mens de litt større barna kan kose seg med gøyale gåter som leder dem gjennom alfabetet fra A til Å.

Alfabetjakten kan kjøpes hos Ark, og de fleste andre bokhandlere.

Lyden av to hender

(Samlaget, 2021)

Velkomponert verk om talentfull musikar som viklar seg inn i mysterium frå fortida.

Leif Sædberg, Stavanger Aftenblad

Lyden av to hender er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val – og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om.

Lyden av to hender kan kjøpes hos Ark, og dei fleste andre bokhandlarar.

Les dei første sidene av boka.

Polarnatt

(Samlaget, 2019)

Polarnatt kan lesast som ein thriller: Søskena er på rømmen med ein skurk i hælane. Dei møter fleire hjelparar, kven kan dei stole på? Historia byr på fleire tvistar og ein uventa og frisk variant av den klassiske biljakta. Sjølv om teksten er enkel i forma, inviterer han lesarane inn i historia på fleire måtar: Først berre ved å ymte om kva som kan ha hendt før flukta. Så ved å opne for refleksjon og ettertanke kring kva rikdom er.

Janne Karin Støylen, Dag og Tid

Polarnatt kan kjøpes hos ARK, og dei fleste andre bokhandlarar.

Beina i gitaren

(Samlaget, 2013)

Mørkt og finstemt om ei desperat jente. … en befriende litterær ungdomsroman, skrevet av en dristig forfatter.

Maya Troberg Djuve

Sunniva Relling Berg er mer enn lovende. Språket er solid. Hun skriver lavmælt og poetisk, og likner allerede mer etablerte forfattere som Ingrid Aanestad og Hanne Ørstavik.

Brynjulf Jung Tjønn, VG

Beina i gitaren kan bli kjøpt i ulike nettbokhandlarar, og eventuelt ved å ta kontakt med forfattaren.

Utfor

(Samlaget, 2011)

Grunngjeving for nominasjon til Brageprisen:

En sterk ungdomsroman fra en ny og lovende stemme. Utfor forteller historien til ungdomsskoleeleven Lea, som kommer flyttende til et lite samfunn hvor hun etter hvert skjønner at noe er veldig galt. Som tittelen indikerer står en utforkjøring sentralt i handlingen, men boka tematiserer utenforskap på flere nivåer og med en stadig stigende uhygge. Gjennom et stramt språk, treffende skildringer og en gradvis avdekking av komplekse hemmeligheter konstruerer Relling Berg en dirrende spenning i sin samtidsberetning.

Utfor kan bli kjøpt i nokre nettbokhandlarar, eller ved å kontakte forfattaren.

Bidrag i ulike antologiar