Uten tittel

I mangel på snø og julestemning her i Bergen, kan eg sjå tilbake til mitt vintereventyr i Volda i november. Då var det kvite bakkar, knasande snø under skoa og ein fargerik vinterhimmel over fjella.  Det var spesielt å få møte lærarstudentar ved Høgskulen i Volda som hadde hatt Beina i gitaren på pensum. Studentane tok… Fortsett å lese Uten tittel

Uten tittel

På fredag spelte Jens Lekman på Hulen i Bergen, oppvarma av House By The Lake. Varmt og smittande glede frå musikarane. Intimt og nært. Lekman innleia songane med fascinerande anekdoter, og sprang ned frå scena for å klemme ein i publikum som tydelegvis hadde flydd halve jorda rundt for å komme på konserten. God oppleving:… Fortsett å lese Uten tittel

Uten tittel

NMU’s sommarleir Frå 9. – 14. juli hadde Norsk Målungdom sommarleir i Ørsta, og eg fekk komme på torsdagskvelden for å ha forfattarstund.  Frå austlandssommar flaug det vesle flyet vårt over snøkledde, stålblå og steile fjelltoppar. I små fjellvatn spegla sola seg i skarpe blink. Ørsta var varm og grønkledd oppover fjellveggane. Ottar Grepstad fortalde… Fortsett å lese Uten tittel

Uten tittel

Dresden. Gylne kuplar. Varme kveldar. Det er ikkje så verst å bruke tid på sommarskule og konferanse, når kveldane kan bli brukt til å utforske denne vakre staden.

Uten tittel

Sleppfest for Beina i gitaren Mange folk kom for å feire lanseringa av andreboka mi. God stemning. I bakgrunnen gitarspill og song frå Harald og Simon. Opplesningar frå Kristina Leganger Iversen, Charlotte Riise og Siw-Anita Kirketeig. Avslutta med pizza. Boka rekte akkurat fram til festen. Eg fekk ho i handa ein halv time før alt… Fortsett å lese Uten tittel

Uten tittel

Dagane flyg i NYC. Frå morgon til kveld er det ting å gjere. Gå over bruer. Sjå i butikkar, loppemarked. Spasere gjennom parkar. Vere på bokslepp på ein uavhengig bokhandel, og vaske klede på det lokale vaskeriet.

Uten tittel

KUNNSKAPEN III Eg byrja å tru at det berre fanst fantastisk store og kongelege bibliotek her, men så fann eg eit meir vanleg eit på MIT. Trapper i mur, metall, påklistra papirlappar guidar vegen. Store og små hyller. Bøkene er i alle fall sterkt tilstades i kvart rom, og utgjer det meste av dekoren.

Uten tittel

KUNNSKAPEN II Det offentlege biblioteket i Boston. Staseleg. Eit stort rom utan nokon ting inni, berre måla veggar, tak og golv. Hallar, staute løver som ser langt over hovuda våre.