Hunting Sunsets Sommaren er ei nydeleg tid for å jakte på solnedgangar. Fint å roe ned, sjå kor sakte og samtidig fort sola sklir ned og ut av syne. Sjå korleis ho leikar seg oppetter himmelkvelvinga, strekkjer seg ut, målar skyane, speglar seg i vindauge. Eg trur det er viktig å ta seg tid til… Fortsett å lese Uten tittel
Stikkord: Dresden
Orientalsk natt ved bålet
I går sat vi på taket av det som likna ein moské, men som eigentleg var ein tobakksfabrikk. Ut av dei forseggjorte kuplane, stakk det piper. Inni den største, blå kuppelen fekk vi gå opp. Fuglar hang i taket. Det var varmt som i ørkenen. Ein varm, fuktig og omsluttande klem. Ein mann kledd i… Fortsett å lese Orientalsk natt ved bålet
Uten tittel
Dresden. Gylne kuplar. Varme kveldar. Det er ikkje så verst å bruke tid på sommarskule og konferanse, når kveldane kan bli brukt til å utforske denne vakre staden.
Ulukkesfugl på tur
Kjenner du til songen Den uheldige mannen? Pappa song ofte denne då eg var lita, og eg blei så lei meg kvar gong, men glad til slutt – for det gjekk jo bra til slutt, og det var jo litt moro undervegs óg. I dag føler eg at eg har hatt ein dag som den… Fortsett å lese Ulukkesfugl på tur