Då eg var yngre, kanskje spesielt medan eg gjekk på vidaregåande, likte eg svært godt dystre, tunge – depressive gjerne – bøker, som skildra mismot og likesæle, så lenge dei samstundes var vakre. Gjerne vondt vakre. Eg kjende meg att og bada i dette. No merkar eg at eg kan få nok av det og… Fortsett å lese Mørke bøker overload
Stikkord: Beina i gitaren
Av og til saknar eg Bo
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=f4fB9EXpMTI] I løpet av to år, medan eg skreiv Beina i gitaren, blei eg godt kjend med hovudkarakteren Bo. No når eg ikkje skriv om ho lenger, kjenner eg av og til eit lite sakn etter ho. Det merka eg i dag då eg høyrde på songen “Händerna mot himlen” som eg følte minte meg… Fortsett å lese Av og til saknar eg Bo
Uten tittel
I mangel på snø og julestemning her i Bergen, kan eg sjå tilbake til mitt vintereventyr i Volda i november. Då var det kvite bakkar, knasande snø under skoa og ein fargerik vinterhimmel over fjella. Det var spesielt å få møte lærarstudentar ved Høgskulen i Volda som hadde hatt Beina i gitaren på pensum. Studentane tok… Fortsett å lese Uten tittel
Uten tittel
Sleppfest for Beina i gitaren Mange folk kom for å feire lanseringa av andreboka mi. God stemning. I bakgrunnen gitarspill og song frå Harald og Simon. Opplesningar frå Kristina Leganger Iversen, Charlotte Riise og Siw-Anita Kirketeig. Avslutta med pizza. Boka rekte akkurat fram til festen. Eg fekk ho i handa ein halv time før alt… Fortsett å lese Uten tittel
Æ Å Trondheim
Det er fint å kunne samlast for å snakke om litteratur. I helga var eg så heldig å få vere med på Æ Å Trondheim litteraturfestival. Torsdag til søndag var fulle og fine dagar med mykje snakk og mykje god litteratur. Festivaldagane enda med kaffi og opplesning i hagen til Adrianstua, med tidvis sol og… Fortsett å lese Æ Å Trondheim