I mangel på snø og julestemning her i Bergen, kan eg sjå tilbake til mitt vintereventyr i Volda i november. Då var det kvite bakkar, knasande snø under skoa og ein fargerik vinterhimmel over fjella.
Det var spesielt å få møte lærarstudentar ved Høgskulen i Volda som hadde hatt Beina i gitaren på pensum. Studentane tok imot meg med Sunndalsgraut og vafler, ein deilig kombo som anbefalast (grauten skal altså oppå vafla, i staden for syltetøy e.l.). I tillegg hadde dei laga powerpoint-kunst av namnet mitt!
Rundt bordet sat vi saman, og etterkvart byrja dei å diskuterte karakterane i boka, kven er eigentleg Hans? – Hadde du hatt eit dotter, ville du at ho skulle henge med Hans?
Frå ein anna kant av bordet kom det: – Men ville du late sonen din vere saman med Bo?
Kva tyder eigentleg starten? Korleis kan slutten tolkast?
Det var heilt spesielt for meg som forfattar å få høyre på denne diskusjonen, korleis karakterane mine, Hans, Bo og Lilly-Oline, har fått sine eigne liv, historia har blitt lest frå ulike vinklar, ulike tolkningar poppa opp. Eg har gitt frå meg boka og karakterane og historia, og dei får liv i tankane til andre – fantastisk! Eitt stk heldig forfattar.