Det har vore nokre forunderleg fine veker i New York. Takk vere folk som kjenner New York betre enn oss, fekk vi mange tips om kva vi burde oppleve. Vi sette stor pris på det. No har eg samla tipsa, og lagt til våre eigne tips, viss andre skulle vere så heldige å dra til… Fortsett å lese What to do in NYC
Stikkord: bibliotek
Uten tittel
KUNNSKAPEN III Eg byrja å tru at det berre fanst fantastisk store og kongelege bibliotek her, men så fann eg eit meir vanleg eit på MIT. Trapper i mur, metall, påklistra papirlappar guidar vegen. Store og små hyller. Bøkene er i alle fall sterkt tilstades i kvart rom, og utgjer det meste av dekoren.
Uten tittel
KUNNSKAPEN II Det offentlege biblioteket i Boston. Staseleg. Eit stort rom utan nokon ting inni, berre måla veggar, tak og golv. Hallar, staute løver som ser langt over hovuda våre.
Uten tittel
KUNNSKAPEN Bibliotek på Yale. Til forveksling lik ei kirke. Store boger, glasmaleri. Trur eg skimtar Shakespeare på eit av vindauga. Over ein av bogene står det: If I must be a prisoner I would desire to have no other prison than that Library Dersom ein er fengsla i eit bibliotek, har i alle fall tanken… Fortsett å lese Uten tittel