Denne helga har vi vore turist-turistar. Spesielt på laurdagen då vi drog til Parque das Nações, eit område som i stor grad blei skapt til verdsutstillinga Expo ’98. Fleire av bygningane ser svært futuristiske ut, samstundes som dei verkar gamle, med rust og med formar som kanskje ikkje er like mykje brukt i dag. På… Fortsett å lese Turistifisering
Gallerier
Helga som flaug avgarde
Skrivekurs for 130 elevar
Det var svært gøy å få komme tilbake til Fagerlia, min gamle vidaregåande skule, for å ha skrivekurs for omtrent 130 elevar. Eg hadde vridd hovudet mitt på førehand, for å finne best muleg måte å få dette til. Vanlegvis liker eg helst å ha små grupper, og vi delte opp elevane i grupper. Eg… Fortsett å lese Skrivekurs for 130 elevar
Uten tittel
Lesetips: «Noo gode gnu» av Solveig Mette Tjeltveit. Finn deg ein varm grasflekk og nyt desse dikta. «der / kjem ein mule opp or grumset der / kjem ein hale opp for deg å gripa der driv ein glorie for deg å fanga / ein glorie for deg å bera»
Uten tittel
Dagens kontorlokaler #musehagen #bergen #vår
Uten tittel
Feberfantasy Sjangeren eg likar best når eg er forkjøla, er fantasy, når hovudet er tungt og kroppen litt ekstra vanskeleg å røre på. Første gong eg las Ringenes Herre hadde eg feber. Det var ei sterk oppleving å forsvinne heilt inn i Midgard, i ørska, kaldsveitte når orkane nærma seg, gråte fortvilt når det verkar… Fortsett å lese Uten tittel
Uten tittel
Då eg gjekk heimover i dag, blei eg slått av kor ulike typer jobbar ein kan ha. Langt over meg, sat ein mann i toppen av heisekrana. Botnen av biletet er ikkje bakken, for å seie det sånn. Det er ein tynn stige inni krana, og det å skulle klatre opp heile den vegen vil… Fortsett å lese Uten tittel
Uten tittel
Det kjendest nærast litt for privat å sjå innsida av nokon annan si datamaskin. Vi kunne konstatere at førre eigar nok pleidde å ete med dataen. Det var brødsmular under m-en, og sannsynlegvis kaffi som hadde blitt sølt utover bordet og trengt seg inn på undersida. Ved hjelp av kondensert luft kunne vi gå i… Fortsett å lese Uten tittel
Uten tittel
Uten tittel
Fordelen med å måtte innom ein stad to gongar i løpet av same turné, er at det plutseleg er eit heilt anna inntrykk ein får. Førre gong eg var i Brattvåg (førre veke) var det regn og låge skyer. Eg gjekk rundt i gatene, og syntest alt var rimeleg grått. Så kom eg i dag… Fortsett å lese Uten tittel