Fordelen med å måtte innom ein stad to gongar i løpet av same turné, er at det plutseleg er eit heilt anna inntrykk ein får.
Førre gong eg var i Brattvåg (førre veke) var det regn og låge skyer. Eg gjekk rundt i gatene, og syntest alt var rimeleg grått.
Så kom eg i dag igjen, og kveldssola varma fjellsidene. Alt er i grunn rimeleg flott.