Bergen kristne grunnskole var ein lang gang inne i eit stort bygg, med imøtekommande lærarar og elevar. Før eg gjekk til klassa eg skulle snakke for, fekk eg ein hyggeleg prat med rektor. Mellom anna snakka vi om kor mykje språket har utvikla seg. Dei siste førti åra har språket utvida seg og tatt inn mange uttrykk frå det digitale universet.
Det er mange ord vi har lånt frå det fysiske for å skildre det vi ser på skjermen, som “skrivebord” og “Veggen” på facebook. Det engelske ordet for datamaskin, computer, blei brukt lenge før datamaskiner fanst. Computer var først eit menneske som gjorde utrekningar. Framleis er ofte symbolet for å lagre ein diskett, sjølv om diskettar er blitt heilt avleggs.
Det å google noko er eit ord som har komme etter datamaskina. Google kjem frå Googol som er det matematiske namnet for 1 fulgt av 100 nullar. Blogg og twitre er andre døme på slike ord. Viss ein ungdom på femtitalet snakka med ein ungdom frå 2000-talet er det godt muleg dei ville hatt problemar med å forstå kvarandre.
Men det vart ikkje så mykje tid til å tenkje rundt språket før det var på tide å gå inn i klasserommet og helse på elevane. Medan eg snakka skreiv læraren ned stikkord på tavla. Morsomt å sjå sitt eige snakk gjennom ein annans notatar.