På Breimyra skole opplevde eg å bli klappa for før eg hadde starta. Elevane var lyttande og engasjerte. Mellom anna blei eg spurt om eg såg hotel cæsar og om eg liker Justin Bieber. Han er ikkje nokon eg har høyrt veldig mykje på, men nokså ofte dukkar han opp på radioen og då er det jo ikkje slik at eg skrur ned lyden. Det har vel hendt at eg heller skrudde litt opp.
Men når eg skal skrive er det ikkje hjelp i baby, baby eller you’re beautiful, beautiful. Eg har ei eiga skriveliste. Der er det mykje roleg musikk og ein del sørgmodige/vemodige songar som Depth Over Distance og What He Wrote.
Dette var siste dagen av denne turneen. Det passa nok bra, for det verkar som eg blir yngre for kvart besøk eg er på. I dag trudde elevane at eg ikkje kunne vere eldre enn atten år, i går var det tjue og eg starta som tjuefireåring.
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=cQWNq3SY-2c]