I førre veke skreiv eg at det kan bli for mykje mørke og likesæle i bøkene eg les (noko eg ikkje trudde då eg var ung og bada i sånt) og eg var på jakt etter noko lysare og lettare.
Det har eg funne!
Tilfeldigvis såg eg eit intervju med forfattaren Ingunn Thon og eg blei glad av å lese det, av energien i det:
Dette er noko av det sjukaste eg har vore med på, og eg hadde ikkje trua eit einaste sekund i prosessen. Haha! Eigentleg heilt vilt at det gjekk.
– Ingunn Thon til Bok365
Det fekk meg til å ville lese boka hennar: Ollis!
Og no er eg i gang. Frå første side var det som eg håpte: eit sprudlande, energisk språk! Eg liker den lett surrealistiske humoren og teikningane er gøyale. Perfekt som friskt pust innimellom meir dystre bøker.
Wææ! Så utruleg koselig! Tiotusen hjarter til deg <3
Helsing Ingunn "googlar si eiga bok for å sjå om nokon seier noko" Thon
Så gøy at du såg denne og la att ein kommentar! Boka di er utruleg koseleg – Takk for at du skreiv ho 😀
Haha! Berre triveleg 😀