Etter at eg flytta heim til Ålesund, merka eg at det var annleis å vere forfattar i ein mindre by. Eg har budd ti år i Bergen. Det var der eg gjekk på Skrivekunstakademiet, det var der eg debuterte som forfattar. Det er der eg har vore forfattar. Då eg flytta til Ålesund, var det… Fortsett å lese Ny sesong av Skrivesnakk
Forfatter: sunnivarb
Ungdomslitteratur og status
Forfattaren Nina Borge har skrive eit interessant innlegg på instagram, om å sette pris på ungdomslitteratur og eit ønske om at den fekk større plass i samtalen om bøker. Det minte meg på ein kommentar eg fekk like etter at eg hadde debutert som forfattar. Eg var på eit litterært arrangement og kom i prat… Fortsett å lese Ungdomslitteratur og status
Podcasten Skrivesnakk
Sidan eg er heime i permisjon med trillingar, er det svært lite tid til skriving. Men eg har funne ut at det er fint å snakke om andre ting enn bleier og babygraut, så eg har starta podcasten Skrivesnakk. I første episode intervjua eg Nora Dåsnes, som har gitt ut 13 bøker på 15 månader.… Fortsett å lese Podcasten Skrivesnakk
Glass Town og ungdomsskriverier
Eg har nett lese ein svært fin teikneserie om fantasiverda til Brontë-søskena: Glass Town av Isabel Greenberg. Først tok det litt tid å bli vand med skrifta og dei røffe teikningane, men så blei eg dratt inn og fascinert. Eg kjende meg att i dette å bygge opp eit (skriftleg) univers som kan verke meir… Fortsett å lese Glass Town og ungdomsskriverier
Snikskriving
Innimellom søv han så lenge at eg får tid til å ta fram maskina og skrive ned nokre ord. Det kjenst herleg. Gjerne utandørs, når vêret er godt. Det er ikkje lang nok tid til å tenkje dei store, lange tankane og jobbe med intrikate lange liner. Men perfekt til å flikke på ei gammal… Fortsett å lese Snikskriving
Pause
Om det ikkje var tydeleg allereie: Bloggen er på pause, langt bak i køa over det som skal gjerast. Fremst er bleier, graut og ei verd som skal utforskast saman med ein liten gut. Nydelege smil, hikstande latter og ein liten kropp som gjerne sovnar med kinnet i nakkegropa mi.
Flø
På veg heim frå Herøy, fekk eg tatt turen innom Flø der eg ikkje har vore sidan eg var fire-fem år gammal. Eg har berre høyrt om denne staden – mormor mi som heitte Flø før ho gifta seg, foreldra hennar som kom frå Ytre og Indre Flø. Tett på storhavet, med dramatisk natur. Oldefar… Fortsett å lese Flø
Ute i havgapet
For tredje gong er eg tilbake på Herøy, for å ha skrivekurs med åttandeklassingar. Det er stor stas å få komme tilbake. Då vi køyrde frå Hareid til Herøy på morgonen i dag, var det eit nydeleg blåskjær over fjella og eg innsåg at det er første gong eg kjem ut hit og det ikkje… Fortsett å lese Ute i havgapet
Små bøker om det store, vanskelege og fine livet
Denne hausten kom det to nokså små bøker som eg blei nysgjerrig på. Eg var litt nølande før eg byrja å lese dei, fordi eg visste at dei handla om vonde tema. I Det står til liv skildrar Økland korleis det er å vite at ein skal døy, ho skildrar nært og direkte. Om eit… Fortsett å lese Små bøker om det store, vanskelege og fine livet
Kraftverk 2017
Eg var så heldig å bli spurt om å bidra med ein tekst om tilhøyrsle i tidsskriftet Kraftverk 2017. Førre veke var eg på sleppfesten til Kraftverk og det var stor stas. Sidan har eg lese gjennom tekstane og sett på dei visuelle uttrykka som blir presentert i katalogen. Det er svært mykje fint. Eg… Fortsett å lese Kraftverk 2017