Mørke bøker overload

Då eg var yngre, kanskje spesielt medan eg gjekk på vidaregåande, likte eg svært godt dystre, tunge – depressive gjerne – bøker, som skildra mismot og likesæle, så lenge dei samstundes var vakre. Gjerne vondt vakre. Eg kjende meg att og bada i dette.

No merkar eg at eg kan få nok av det og ønskje meg ei pause. Eg avslutta nett Havende av Gunnstein Bakke og kjenner behov for å lese noko lettare, noko som løftar og lyser. Eg held òg på med Uroens bok av Fernando Pessoa, som eg liker svært godt – måten han skriv på og skildrar, og det er mykje å kjenne seg att i – men det er fint å ta det inn i mindre dosar og heller lese andre ting innimellom òg.

Alt er like fåfengt som å rote i asken, like diffust som øyeblikket før dagen gryr.

Uroens bok av Fernando Pessa, s. 89

I mi andre bok, Beina i gitaren, skriv eg om Bo som testar ut korleis det er å leve som om ingenting betyr noko. Ho klarer ikkje å sjå at det finst meining i tilværet, ikkje viss ein skal tenkje logisk på det. Ho prøver å argumentere for det med å seie at sidan vi berre er materie og materien følgjer naturlovene må alt vere bestemt på førehand. Hans, ein gut som går ei klasse over henne, går ikkje med på dette, og bruker sine eigne metodar for å argumentere mot henne. Som i starten av boka, der dei går for å bade:

Utdrag frå “Beina i gitaren”

Medan eg skreiv boka tenkte eg ikkje på at dette kunne bli ei nokså mørk bok. Eg kunne ha det svært gøy innimellom medan eg skreiv – så var kanskje humoren nokså svart, men humor var det i alle fall. Eg trur det er ei bok som kan lesast ulikt, avhengig av kvar ein er og kva ein ser etter, og eg trur Bo opplever at det ikkje berre er lett å leve som om ingenting betyr noko. Men eg trur at dette er tankar mange kan vere innom no og då, og difor synest eg det er, og har vore fint, å lese andre sine mørke tankar, men det kan altså bli nok innimellom. Korleis er det for deg?

Eg har òg tenkt ein del på det at det er enklare å skrive triste, dramatiske og mørke tekstar enn lette, lyse tekstar som skildrar glede. Det blir gjerne sett på som meir intellektuelt å vere dyster enn å vere lykkeleg. Kanskje er det ei god utfordring; å prøve å bryne seg på ein lysare tekst.

Legg ved eit bilete av ein relativt mørk dag – og likevel er det glimt av lys og mange ulike fargar.

 

3 thoughts on “Mørke bøker overload

  1. Astrid Elisabeth says:

    Det er så fint med romaner hvordan de oppleves ulikt avhengig av hvordan livet er når de leses! Det beste er å sitte der med riktig roman til riktig tid i livet. Da er jeg intenst til stede mens jeg leser, og har en opplevelse av at historien mellom sidene er så levende den kan bli. Det er fantastisk.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *