No har vi vore i Lisboa i over to veker – og det som først var ein omtåkande stor by, har no blitt mindre. Vi har kobla saman gater og slott og haugar. Framleis er det mykje, alt for mykje, å utforske og sjå, men nabolaget vårt kjenst oversiktleg og koseleg, nærast som ein liten landsby.
Ein kveld støtte vi på ein frå kontoret vårt på Pho-restauranten nedi gata. Det var så fullt der, at dei einaste ledige plassane var på vårt bord. Plutseleg åt vi middag saman. Dagen etter gjekk vi til utkikkspunktet oppi gata, og jammen var det ikkje nokre vi kjende der òg. Der er altså nesten som heime i Bergen.
Ei anna på kontoret vårt, som er frå Lisboa, seier at ho nærast ikkje drar til sentrum lenger. Det er så mykje stress der – og dyre prisar. Ho held seg i nabolaget og det er nett som ein eigen liten by, med kjentfolk rundt hjørnet.
Noko eg var mest spent på før vi drog, var nettopp det om vi ville bli kjend med nokre her vi kom. Og det er jo det som er det gøyaste – å få bli kjend med nokre som bur her, som kan komme med dei beste tipsa og lære meg litt meir av språket (… språklæringa går diverre sakte, men det går framover.) Tchau!
P.S. I dag hadde eg ei økt om ordtak på Duolingo og har mellom anna lært det svært nyttige uttrykket: Mais perdido que cego emtiroteio!* Må vel få brukt det i løpet av veka …
* Klarer du ikkje å oversetje det sjølv? Duolingo foreslår “lost as a nun on a honeymoon” som den engelske ekvivalenten til dette ordtaket, men det verkar som det handlar om ein blind mann i eit skytedrama (?) og då kunne det jo vore nyttigare å få det meir direkte oversatt og deretter forklart – men det var jo eit ganske morosamt høve dette her då, nonner og skytedrama.