Det er fint å kunne samlast for å snakke om litteratur. I helga var eg så heldig å få vere med på Æ Å Trondheim litteraturfestival. Torsdag til søndag var fulle og fine dagar med mykje snakk og mykje god litteratur. Festivaldagane enda med kaffi og opplesning i hagen til Adrianstua, med tidvis sol og blå himmel.
Folk trekte inn i hagen, og stod eller sat på graset og følgde med. Mellom anna på Siw-Anita Kirketeig, lyrikkdebutanten som blei feira av festivalen. Tekstane frå Alt kjød er grønt gras gjorde seg godt, opplesen på ein graskledd bakke ute under open himmel.
Eg fekk òg gleda av å tre ut på gras-scena og lese opp frå starten av Beina i gitaren. No er boka i trykken og eg ventar spent på at eg skal kunne lese frå ei faktisk fysisk bok, og ikkje berre utskrifter på tynne ark. Men publikum lytta og det var ei god avslutning på nokre veldig fine dagar.