Eg sit på lesesalen med kalde fingrar. Blanding av sprudlande iver, og redsle i magen.* For kva skjer eigentleg etter at masteren er levert? Ein gong var eg lita, og trudde at livet byrja då utdanninga var ferdig. Då skulle ein få seg jobb, og vere vaksen. No gløttar eg framover og ser enden på… Fortsett å lese Mastermas
Kategori: Hugskot
Kollektivliv
Snart skal eg avslutte mine fine år i eit firemanns kollektiv. Det er spesielt og svært gøy å kunne bu saman med folk på den måten. Anbefalast. Lat meg berre nemne noko av alt det fine ein kan gjere i kollektiv: Vere saman om å lage kjekke festar, og invitere kjøkken og stove, soverom og… Fortsett å lese Kollektivliv
Fine bøker og sosial distribusjon
I år var eg på mitt første “Bergen Art Book Fair”-arrangement (eller BABF som insiderane seier). Det var svært interessant og spanande. Først leste Frode Grytten opp frå boka “Det norske huset”, og så snakka Peter Bil’ak om magasinet Works that Work (abonnement på bladet hamna raskt på ønskjelista mi til jul). Så mange spanande artiklar, og… Fortsett å lese Fine bøker og sosial distribusjon
Uten tittel
Det kjendest nærast litt for privat å sjå innsida av nokon annan si datamaskin. Vi kunne konstatere at førre eigar nok pleidde å ete med dataen. Det var brødsmular under m-en, og sannsynlegvis kaffi som hadde blitt sølt utover bordet og trengt seg inn på undersida. Ved hjelp av kondensert luft kunne vi gå i… Fortsett å lese Uten tittel
Coffices i Bergen: Litteraturhuset
Ope: måndag 12.00-18.00tys – tors 12.00-19.00fredag 12.00-18.00laurdag 11.00-17.00søndag – stengtØstre Skostredet 5–7 Internett: JaStorleik på borda: God! Spesielt inne i FossestovaStikkontakter: JaAtmosfære: Stille, roleg, avslappande og fintKaffe: 32,- (påfyll: 10,-) Eg har sjølvsagt vore innom Litteraturhuset ved fleire høve, og eg har kjøpt bøker i det som no er ein uavhengig bokhandel. Eg tenkte at det nok var fint å jobbe her, men då eg kom… Fortsett å lese Coffices i Bergen: Litteraturhuset
Uten tittel
Coffices i Bergen: Aura
Ope: 8.00 – 20.00 (laur: 9 – 19, søn: 10 – 20)Marken 9, 5017 Bergen Internett: Ja, men litt treigtStorleik på borda: God, men nokre bord litt ustødigeStikkontakter: JaAtmosfære: Litt kantineaktig, men hyggelegDagens kaffe: 25,- (påfyll 10,-) Aura er ein veldig triveleg kafé i ein veldig koseleg del av Bergen (Marken). Har vore her fleire gongar, i regn og i… Fortsett å lese Coffices i Bergen: Aura
Då vaktmeisteren blåste på fuglen som hadde kræsja i vindauget og andre historier frå livet på tur
No har eg vore på vegen i over to veker. Eg sit att med minne frå svært mange hyggelege skulebesøk, elevar som er meir og mindre interesserte i å lese og skrive, og innsida av mange lærarrom. Autografhanda har ikkje akkurat slite seg ut, men fint er det når ein ung elev, etter å ha… Fortsett å lese Då vaktmeisteren blåste på fuglen som hadde kræsja i vindauget og andre historier frå livet på tur
Uten tittel
Fordelen med å måtte innom ein stad to gongar i løpet av same turné, er at det plutseleg er eit heilt anna inntrykk ein får. Førre gong eg var i Brattvåg (førre veke) var det regn og låge skyer. Eg gjekk rundt i gatene, og syntest alt var rimeleg grått. Så kom eg i dag… Fortsett å lese Uten tittel
Turnéliv
Statusoppdatering på kultursekkturneen: Dei siste tre dagane har eg vore i over ti kommuner Dei siste tre dagane har eg tatt ferge ni gongar Eg har køyrt meir samanhengande enn nokon gong tidlegare Eg har køyrt feil og plutseleg vore i Sogn & Fjordane Eg har møtt svært mange hyggelege elevar og lærarar Dagen i… Fortsett å lese Turnéliv