Ope: måndag 12.00-18.00
tys – tors 12.00-19.00
fredag 12.00-18.00
laurdag 11.00-17.00
søndag – stengt
Østre Skostredet 5–7
Internett: Ja
Storleik på borda: God! Spesielt inne i Fossestova
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Stille, roleg, avslappande og fint
Kaffe: 32,- (påfyll: 10,-)
Eg har sjølvsagt vore innom Litteraturhuset ved fleire høve, og eg har kjøpt bøker i det som no er ein uavhengig bokhandel. Eg tenkte at det nok var fint å jobbe her, men då eg kom til staden, var det endå betre enn eg hadde venta.
Ikkje berre var det lett å koble seg på internett, og finne stikkontakt. I tillegg var det opent inn til Fossestova, med store, gode bord, stikkontakter og masse bruktbøker langs veggane. For ein stad å jobbe på!
I hyllene her inne kan ein finne gamle “Vinduet”-utgåver, og leite gjennom hyllene av brukte bøker etter spanande nye opplevingar. I bakgrunnen kan ein høyre småsnakk om bøker frå bokhandelen. Viss ein er litt uheldig, så er det nokon som øver på rock i bygget ved sidan av.
For ein person som ikkje drikk kaffi, er det svært fint at det går an å sitte her utan å kjøpe noko. Men det er òg muleg å gå inn på kafeen, og kjøpe kaffi der. Om du vil sitte med masse folkesnakk rundt deg, er kafeen staden. Inne i bokhandelen er det ikkje musikk. Det er stille og roleg. Noko som passer meg fint.
Svært positivt overraska over kor enkelt og fint det var å arbeide her. Trur nok eg vil ta turen fleire gongar. Vil du bli med?
(Dette er ellevte kafe i serien Coffices i Bergen)