Om det ikkje var tydeleg allereie: Bloggen er på pause, langt bak i køa over det som skal gjerast. Fremst er bleier, graut og ei verd som skal utforskast saman med ein liten gut. Nydelege smil, hikstande latter og ein liten kropp som gjerne sovnar med kinnet i nakkegropa mi.