I dag kom eg over ein profil som heiter @Pollyandbooks og eg blei bokglad av å sjå alle dei fine bokbileta. Instagram kom sjølvsagt med fleire liknande sider då eg først hadde byrja å følgje Polly, @therusticwindow og @wildlinggirl har mange bilete i same stil, men det var no Polly eg fall for først. Ho har visst 42,1 k følgjarar, så eg var ikkje først sånn sett.
Det er fascinerande det der, med Instagram, at det finst så mykje heilt forskjellig, heilt spesifikt, innanfor store og heilt bittesmå felt (og så gjennomført at det nærast blir for gjennomført og keisamt i lengda), eller kva tenkjer du?
Dette innlegget er plassert i kategorien Hugskot*.
*hug|skot n1; el hug|skott n1 (norr. hugskot) innfall, idé