Eg var så heldig å bli spurt om å bidra med ein tekst om tilhøyrsle i tidsskriftet Kraftverk 2017. Førre veke var eg på sleppfesten til Kraftverk og det var stor stas. Sidan har eg lese gjennom tekstane og sett på dei visuelle uttrykka som blir presentert i katalogen. Det er svært mykje fint. Eg les at det er gjort forsking på at å halde i ei hand, og spesielt det å halde i handa til nokon du har eit nært forhold til, vil gjere deg mindre redd. Mindre stresshormon blir produsert. Eg les fine dikt, om «å mangle et ledd i hjertet / Det som tar imot» (s. 90) og om å fylle «kroppen // med sollys / i pur forventning» (s. 107). Eg les om å overleve ved å pakke seg inn i komfortable klede, sette på tevann og kjenne smågodtkrokodiller smelte i gode smaker (s. 122 – 123) og «Alt hun hører er stillhetens muskel bankende på innsiden av henne» (s. 135). Veldig mykje fint altså.
Du kan lese meir på sidene til KKPH (Kunst, kultur og psykisk helse).