Denne hausten kom det to nokså små bøker som eg blei nysgjerrig på. Eg var litt nølande før eg byrja å lese dei, fordi eg visste at dei handla om vonde tema. I Det står til liv skildrar Økland korleis det er å vite at ein skal døy, ho skildrar nært og direkte. Om eit bryst som ikkje er der lenger, og det andre som fløymer over av mjølk. I Tung tids tale skriv mor til sonen sin. Han som etter kvart utviklar seg annleis barn på same alder, han blir fysisk utagerande, sterk og aggressiv. Familien må ha hjelp og tilpassing og mora kjempar for sonen sine rettar, og for å ikkje slite seg ut sjølv.
Det som var så fint i båe desse bøkene, var kor gode dei var å lese, sjølv i alt det tunge og vonde. Kjærleiken som blir så tydeleg, og livet som trår klårare fram – både det som er vanskeleg og det som er vakkert.
Desse to små, store bøkene gav meg to verkeleg fine leseopplevingar. Dei fekk meg til å sjå meir av verda, på ein slik måte god litteratur kan. Det var ein varme i båe, eit lys, kjærleik, som heng att etter lesinga.

Det står til liv
«Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom, og den som er open for livet – og ikkje minst den som er begge delar. Tekstane er både nådelause, stillferdige og vakre og inviterer lesaren til å tenkje over sitt eige liv. Ved at dei så ope snakkar om døden, trer glede, sorg og styrke tydelegare fram.»
(tekst henta frå forlaget sine sider)
Tung tids tale
Vinnar av Brageprisen 2017 og nominert til Ungdommens kritikerpris.
«Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?»
(tekst henta frå forlaget sine sider)
Så fine perspektiv på desse bøkene, Sunniva! Fekk lyst å lese begge.
Du er så flink! Saknar coffice med deg <3 Håpar du får tid til skriving i det nye mammatilveret.
Klem frå June (som sat og skreiv, og hamna her – rart med det!)
Tusen takk for kommentaren, June! Saknar Coffice med deg òg, og berre det å ha deg i byen, og kunne snakke om skriving og lesing med deg. <3 Håper du har fine skrivedagar, innimellom blogglesinga 😉
Klem frå Sunniva (som sat og skulle skrive, og hamna her – skikkeleg rart!)