Etter å ha gått opp og ned og rundt i Prìncipe Real ein kveld, foreslo V å gå innom ein ekstra park før vi snudde. Eg såg på klokka og spurde kvifor det når vi uansett ikkje fekk tid til å vere der så lenge, og i tillegg var dette ein park vi hadde vore i tidlegare.
– Skal vi ikkje komme tilbake ein dag vi har betre tid til å faktisk vere der? sa eg.
– Er det ikke kult å gå innom flest mulig parker? Det blir fint, det er jo sånt du kan blogge om, sa han.
– Kvifor skulle eg blogge om å gå innom mange parkar?
Men det er visst slikt eg driv med. Så her er ei oversikt over parkane vi såg i går:
- Jardim Alfredo Keil
- Jardim Botânico da Universidade de Lisboa (berre utafrå, sidan han nesten var stengt)
- Jardín Príncipe Real
- Praça das Flores
- Jardim de Sao Bento
- Ein park like ved Palacete de são Bente langs Rua Imprensa à Estrela.
- Jardim da Estrela