Igjen er det tid for julekalendar på tv-en. Eg vart svært positivt overraska over NRKs Julekongen. Stiliserte karakterar, eit biletleg univers som er kreativt og spanande å vere i. Det triggar fantasien og refererer ulike fortellingar og filmstilar på ein god måte. Eit friskt pust i norsk film/serieunivers.
Elles har kulda komme til Bergen. Desember ligg som rimfrost på gata.
Lysa tennast. Trea blir surra inn i lysande lenkjer. Kulda klyp i kinna.
Fyrverkeri flerrar himmelen.
Byen har blitt etandes og triveleg, med nonstop på taka og melis langs listene.