Då eg gjekk heimover i dag, blei eg slått av kor ulike typer jobbar ein kan ha. Langt over meg, sat ein mann i toppen av heisekrana. Botnen av biletet er ikkje bakken, for å seie det sånn. Det er ein tynn stige inni krana, og det å skulle klatre opp heile den vegen vil eg tippe er så god trening at nokre sikkert ville betalt for det.