Ferdigsnakka

Ferdigsnakka

Skriving som arbeid

Korleis skal ein jobbe med skriving? Eg har alltid syntest det er veldig interessant å lese og høyre om korleis forfattarar arbeidar. Ofte tar eg notatar. Forfattarar kan ha heilt ulike måtar å forholde seg til skrivinga på, og samstundes er det ofte aspekt eg kjenner meg att i.

For å starte skrivinga er det viktig å ha noko å skrive om. Det kan ein få ved å vere vaken og merksam på ting rundt seg, suge til seg inntrykk og legge vekt på dei små, rare tinga som skjer i løpet av ein dag.

“Jeg øver mig på at være en magnet af en slags; billeder, motiver, småting, samler materiale og stof som kan oversettes, laves om til ord.”

Ditte Pradsgaard Holm*

image

Men sjølv om ein er den beste til å suge til seg stilige ord og lauv på bakken, fjellandskap og similer, er det eit heilt verdshav av ting ein ikkje kan, og kunnskap ein aldri kjem til å få.

“Bebreide seg for alt ein ikkje kan. At ein ikkje har noko å fare med. Kunnskapen ein ikkje har.”

Terje Tørrisplass*

Når ein då skal prøve å skrive noko likevel, på grunn av eit eller anna dumdristig hugskot om at ein kanskje likevel kan ha noko å komme med, kunne ein tenkje seg at det er herleg å skue utover eit heilt tomt og kvitt A4-landskap, og på sett og vis kan det vere det, og på andre vis kan tomheit vere det som er vanskelegast å fylle.

“Tyngst og best: å skrive det som ingen har bedt deg om å skrive.”

Gunnar Wærness*

Med bokstavar på papiret er ikkje arbeidet naudsynt berre å halde fram med å få fleire bokstavar på papiret. Like gjerne handlar det å vere forfattar om den konstante prosessen som Terje Dragseth skildrar:

“Mitt arbeid: å lese, å skrive, å analysere det jeg leser, det jeg skriver, mens jeg leser.”

Terje Dragseth*

image

Og for å kunne gjere sånt er det klart at ein ikkje har tid til å følgje med på kva nyaste mote er, eller kva type diett som er in.

“hvor vesentlig det har vært å stenge ute all verdens tidsmessige gyldigheter, som om det er den babelske forvirring jeg forsøker å styre klar av”

Rune Christiansen*

image

Midt oppi alt saman kan ein bli så oppslukt av sitt eige arbeid at ein ikkje legg merke til kva som skjer rundt ein, ei heller at magen gnurar fordi han lengtar etter mat.

“Som det är när man är mitt uppe i sin diktning. Arbetet satte hörselkåpor på mig”

Martin Bengtsson*

image

Natt og dag kan gå med til å skrive. Ein kan bruke tid på å leve seg inn i ein annan sitt hovud, og sjå verda med ein framand sine auge. Det er ikkje alltid like avslappande. I periodar kan det rett og slett vere at ein ser ekstra mørkt på livet, berre fordi dette er synet karakteren har. 

“jeg er ikke sikker, men å leve med en romankarakter tror jeg kan føre en på grensen til galskap”

Kjersti Arnfinnsen*

image

Ord stabla opp på ord. Personar får liv i ulike landskap eller konstruksjonar av ord får vingar og har potensiale til å fly inn i magen på lesaren. Om ein skal nå målet om å skrive ei bok, er det først og fremst snakk om å arbeide, eller som Morten Langeland formulerer det:

“Å klare er et spørsmål om å gidde.”

Morten Langeland*

*Sitata er henta frå Skriftserien Ir i utgåva som handla om arbeid  – det var svært kjekk og interessant lesing som varmt anbefalast.

Spontaneventyr til Ølen

image

Det er eksamensperiode.

Det er mastergrad.

Og så er det denne draumen eg ber på – om ein dag å kunne leve som forfattar.

Spontant fekk eg spørsmål om å vikariere på eit oppdrag om dialekt og nynorsk i Ølen. Telefonen kom i titida og klokka tre, fem timar seinare, var sekken pakka og eg på veg på min vesle forfattarturné i grenselandet mellom Hordaland og Rogaland. Eg sette meg fremst på Flaggruten og lesesalen forsvann bak meg. Samvitet snakka om eksamensfristar, men dette var ein mulegheit eg ikkje ville la gå frå meg. 

Båten svevde over havet, verda var femti nyansar av blått og neste dag vakna eg med nydeleg utsikt over Ølen. Lesesalen kunne berre ha det så godt. 

image

imageimage

Saman med Tom Roger Aadland (artist) og Sigmund Hansen (journalist), vitja eg to vidaregåande skular i Vindafjord. Vi snakka om nynorsk og dialekt. Det var stas å høyre på Tom Roger spele og synge. Sigmund leia samtalen på ein meistarleg måte med gode historier frå eige liv som både dialekt-, nynorsk- og bokmålsbrukar. Kvelden enda storvegs på Vindafjord bibliotek, med eit lyttande og engasjert publikum. 

imageimage

Utan mykje tid til å puste, måtte eg av garde til neste oppdrag, denne gongen Stord. Etter endt lesing, bar det ut i bil og seinare buss som tok meg til Leirvik. 

imageimage

Falturiltu er ein nynorsk barnebokfestival på Stord. Frå 3. – 8. November reiste forfattarar rundt på skular og så var det opplegg på kvelden. Eg fekk sett meg rundt på Stord, både Leirvik og Fitjar og mykje imellom. På eine ungdomsskulen fekk eg snakke framfor 90 elevar, som fylte opp auditoriumet på biletet over. 

Glad og mett på opplevingar sette eg meg på bussen heimover. I løpet av dagen hadde det både regna, hagla og vore opplett. Ein skikkeleg vestlandstur. 

imageimage

Den evige språkleiken

I førelesing har eg nettopp hatt om poststrukturalisme. Vi har snakka om språkleiken, korleis ord ikkje er eintydige. Språket er alltid i ein forhandlingsprosess.

Så spanande, så frustrerande, å bruke språket. Nokre gongar blir det bal, misforståingar, andre gongar opnar ei setning opp for heilt nye perspektiv.

Luria skreiv i 1981:

“With the help of language, [human beings] can deal with things that they have not perceived even directly and with things which were part of the experience of earlier generations.”

I bøkene eg har lese, har eg tileigna meg mange nye opplevingar. Bøkene har gitt meg kunnskap eg elles har aldri ville fått, om ingen kunne brukt språk og fortalt det til meg. Nokså sjølvsagt, men svært fascinerande samstundes.

image

Fortellingar om framtida

Fin film frå Future of Storytelling. Vi kan faktisk spele ei rolle i å finne opp framtida ved å skrive fiksjon om teknologien. Teknologi kan ikkje berre vere fantastisk i seg sjølv, det må òg vere ei god historie rundt han om kvifor vi skal like teknologien og korleis han passar inn i liva våre. Og dersom historiene er fengslande nok, vil vi ønskje å ha teknologien. 

Då eg gjekk på Industriell Design ved NTNU sa eine førelesaren at alt vi klarte å fantasere om, det kunne vi òg få til å lage. Og då eg jobba meg gjennom lange ideprossessar skjedde det fleire gongar at eg tenkte om ein idé: Denne er alt for urealistisk og sprø. Det går ikkje an å få til noko sånt! – Og så viste det seg at det allereie var funne opp. 

Orientalsk natt ved bålet

image

I går sat vi på taket av det som likna ein moské, men som eigentleg var ein tobakksfabrikk. Ut av dei forseggjorte kuplane, stakk det piper. 

imageimage

Inni den største, blå kuppelen fekk vi gå opp. Fuglar hang i taket. Det var varmt som i ørkenen. Ein varm, fuktig og omsluttande klem. 

Ein mann kledd i fotsid grønn kjortel kom gåande mot oss. Han sette seg ned framfor oss og byrja å fortelje. 

image

I orienten fortalde dei ikkje eventyr for å få barn til å sove. Det var dei vaksne mannfolka som fortalde til kvarandre, då dei sat rundt bålet om nettene og måtte halde seg vakne. 

Mannen i den grønne kjortelen fortalde med innleving. Utan andre hjelpemidlar enn seg sjølv, si eiga stemme og gestene sine. Ingen powerpoint, ingen musikk. Så oppslukt er det lenge sidan eg har vore. Underhaldning på høgt nivå. 

Historiene handla om kongar og handelsmenn, store skattkammer og kjærleik. Etter kvart som kvelden gjekk vart historiene meir og meir pikante, så ingen skulle sovne. Fleire av eventyra var over 3000 år gamle, men som mannen i kjortelen sa, dei er like gode i dag som då for menneska er alltid dei same

image

Mellom kvar historie starta musikken opp. Mannen i kjortelen fortalde om Avani, magedansaren frå den kongelege balletten, så vakker at ingen ville kunne klare å skildre skjønnheita hennar. – Og så dukka ho opp, nett som i eit eventyr, og dansa for oss. 

Så fint å oppleve god formidlingsevne og historier som får liv i lufta mellom oss som høyrer på. 

Ble Birgitte Tengs’ fetter dømt for sitt litterære talent?

Ble Birgitte Tengs’ fetter dømt for sitt litterære talent?

Sleppfest for Beina i gitaren

Mange folk kom for å feire lanseringa av andreboka mi. God stemning. I bakgrunnen gitarspill og song frå Harald og Simon. Opplesningar frå Kristina Leganger Iversen, Charlotte Riise og Siw-Anita Kirketeig. Avslutta med pizza. Boka rekte akkurat fram til festen. Eg fekk ho i handa ein halv time før alt starta. Fint og endeleg. 

Æ Å Trondheim

image

Det er fint å kunne samlast for å snakke om litteratur. I helga var eg så heldig å få vere med på Æ Å Trondheim litteraturfestival. Torsdag til søndag var fulle og fine dagar med mykje snakk og mykje god litteratur. Festivaldagane enda med kaffi og opplesning i hagen til Adrianstua, med tidvis sol og blå himmel.

image

Folk trekte inn i hagen, og stod eller sat på graset og følgde med. Mellom anna på Siw-Anita Kirketeig, lyrikkdebutanten som blei feira av festivalen. Tekstane frå Alt kjød er grønt gras gjorde seg godt, opplesen på ein graskledd bakke ute under open himmel.

image

Eg fekk òg gleda av å tre ut på gras-scena og lese opp frå starten av Beina i gitaren. No er boka i trykken og eg ventar spent på at eg skal kunne lese frå ei faktisk fysisk bok, og ikkje berre utskrifter på tynne ark. Men publikum lytta og det var ei god avslutning på nokre veldig fine dagar.  image

Vakker og elegant iPad-applikasjon

image

Stjernetime er ein iPad-applikasjon som fortel historia om Stella Aviaja Aster. Frå første tekstbit er det klart at noko har skjedd, ho som leidde andre på veg, er no ho som leitar etter andre. Teksten er skrive av den danske forfattaren Merete Pryds Helle og illustrert av Anne Marie Ploug.

image

«Jeg tænkte: Jeg er lys og farvestrålende, men også tom, når der ikke er nogen. Jeg ville ønske jeg ikke følte mig så tom. Jeg ville ønske jeg kunne fylde mig selv ud, jeg tænkte: Jeg vil gerne fylde mig selv ud.»


I eit språk som er naivt og sårt blir eg dratt inn i historia, utan heilt å vite kva type historie dette er. Realistisk, surrealistisk, metaforisk eller fabel-aktig? Ei fin spenning som driv teksten framover. Illustrasjonane er minimalistiske og skarpe.

Dei nakne, geometriske formane fokuserer merksemda på teksten og orda gir kontekst og meining til illustrasjonane. Alexandra Saemmer har skrive at “The word and the image are in permanent tension with the "thing” they describe without ever meeting it". Stjernetime brukar denne spenninga på ein god måte, og skapar plass for lesarens eigen fantasi ved å halde illustrasjonane abstrakte og enkle.

Stjernetime er eit fint univers å vere i. Å setje seg ned med iPaden var ein glede.

image

Kvar gong ein går ut av applikasjonen, for så å gå inn igjen seinare, byrjar ein alltid på start. Ein kan lure på kvifor det er slik, hadde det ikkje vore greitt at applikasjonen hugsa kor langt eg hadde lese?

Kanskje er det fint å bli tvingt til å bruke tida det tar for å lese gjennom i éin omgang. Historia er ikkje lang. Ho deler mange sjangertrekk med novella, og Edgar Allan Poe har sagt at dette er ein sjanger som skal kunne lesast samanhengande:

«the author is enabled to carry out the fullness of his intention, be it what it may. During the hour of perusal the soul of the reader is at the writer’s control. There are no external or extrinsic influences – resulting from weariness or interruption»

Stjernetime er teknologien med på å ta vare på denne kvaliteten med novella.