Stjernetime er ein iPad-applikasjon som fortel historia om Stella Aviaja Aster. Frå første tekstbit er det klart at noko har skjedd, ho som leidde andre på veg, er no ho som leitar etter andre. Teksten er skrive av den danske forfattaren Merete Pryds Helle og illustrert av Anne Marie Ploug.
«Jeg tænkte: Jeg er lys og farvestrålende, men også tom, når der ikke er nogen. Jeg ville ønske jeg ikke følte mig så tom. Jeg ville ønske jeg kunne fylde mig selv ud, jeg tænkte: Jeg vil gerne fylde mig selv ud.»
I eit språk som er naivt og sårt blir eg dratt inn i historia, utan heilt å vite kva type historie dette er. Realistisk, surrealistisk, metaforisk eller fabel-aktig? Ei fin spenning som driv teksten framover. Illustrasjonane er minimalistiske og skarpe.
Dei nakne, geometriske formane fokuserer merksemda på teksten og orda gir kontekst og meining til illustrasjonane. Alexandra Saemmer har skrive at “The word and the image are in permanent tension with the "thing” they describe without ever meeting it". Stjernetime brukar denne spenninga på ein god måte, og skapar plass for lesarens eigen fantasi ved å halde illustrasjonane abstrakte og enkle.
Stjernetime er eit fint univers å vere i. Å setje seg ned med iPaden var ein glede.
Kvar gong ein går ut av applikasjonen, for så å gå inn igjen seinare, byrjar ein alltid på start. Ein kan lure på kvifor det er slik, hadde det ikkje vore greitt at applikasjonen hugsa kor langt eg hadde lese?
Kanskje er det fint å bli tvingt til å bruke tida det tar for å lese gjennom i éin omgang. Historia er ikkje lang. Ho deler mange sjangertrekk med novella, og Edgar Allan Poe har sagt at dette er ein sjanger som skal kunne lesast samanhengande:
«the author is enabled to carry out the fullness of his intention, be it what it may. During the hour of perusal the soul of the reader is at the writer’s control. There are no external or extrinsic influences – resulting from weariness or interruption»
I Stjernetime er teknologien med på å ta vare på denne kvaliteten med novella.