Ny sesong av Skrivesnakk

Etter at eg flytta heim til Ålesund, merka eg at det var annleis å vere forfattar i ein mindre by. Eg har budd ti år i Bergen. Det var der eg gjekk på Skrivekunstakademiet, det var der eg debuterte som forfattar. Det er der eg har vore forfattar. Då eg flytta til Ålesund, var det fleire mulegheiter eg mista, oppdrag eg ikkje kunne ta, fordi eg ikkje budde i Bergen lenger. Difor hadde eg ekstra lyst å høyre med andre forfattarar: Korleis er det å leve som forfattar utanfor dei større byane?

I den nye sesongen av Skrivesnakk snakkar eg med andre forfattarar i Møre og Romsdal, og allereie er fleire episodar ute.

Høyr Marit Kaldhol som har vore forfattar i over førti år, og var med på å starte Møre og Romsdal forfatterlag.

Høyr Jon Ståle Ritland som arbeider fulltid som augelege, men òg gir ut kritikarroste diktsamlingar som har blitt omsett til mange språk. Han var òg initativtakar til Ålesund litteraturfestival.

Høyr Marianne Nelvik som kjøpte rettane til boka si, og gav ut boka på eige forlag, og korleis ho må sjonglere mellom forlegger- og forfattarhatten.

Podkasten er eit samarbeid med Sunnmørsposten, og støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *