På tur ned frå eit fjell i ein nasjonalpark nord i Portugal, såg bilføraren M brått eit mysterium ved vegen. I ei renne like ved trossa vatnet naturkreftene og rann oppover i lia. Då måtte bilen stoppast og vatnet inspiserast. God driv hadde vatnet òg.
Vi fann vel inga anna løysing enn at det måtte vel gå ned ein annan stad som gav vatnet kraft til å renne oppover (?). Men rart såg det ut. Elles var det mykje anna fint å sjå: