Seattle Drift er ein tekst som tryglar deg om å “gjere seg”. Do me. I just want you to do me.
Eg har alltid syntest at ord har noko intimt over seg, og denne teksten spelar på det:
Eg er ein dårleg tekst. Eg pleidde å vere eit dikt men glei vekk frå scena. Gjer meg. Eg vil berre at du skal gjere meg.
Dei kvite, opne word-flatene som tiggar fingrane mine om å skrive. Alle desse notatbøkene eg kjøper, tar vare på, opnar, tør nesten ikkje byrje å skrive i dei, men vil ha dei, desse kvite sidene som kan fyllast med verdas vakraste ord og bilete.
Kanskje eg prøvde å fange noko av det sanselege og lokkande ved orda, då eg skreiv desse linene:
Du sender en setning opp låret mitt
så grov at den risper i huda
Jeg kniper et punktum ut av deg
leppene dine glinser av symboler
Det er spanande å arbeide med ord. Prøve å finne dei gode løysingane, finne ein måte å opne opp verda på nytt.