Coffices i Bergen: Nobel Bopel

Ope: 11.30 – 18.00 (NB! Berre tors – søn)
Welhavens gate 64, 5006 Bergen

Internett: Ja
Storleik på borda: God
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Hipt og triveleg
Dagens kaffe: 25,- (påfyll 10,-) 

image

imageEg blei overraska då eg kom til Nobel Bopel ein torsdag i lunsjtider. Eg hadde trudd at det ville vere fullt her, fullt av folk som ønska å ete lunsj. Men inne var det tomt. Ferske kvistar med kvite blomar på borda. Roleg musikk i bakgrunnen. Ei kvinne bak disken. Alt kjendest veldig roleg når eg sette meg ned. 

image

Eg hadde byrja å få litt motforestillingar mot kafeen, for han har blitt kåra til Bergens Beste kafé og eg har alltid drøymt om å komme hit for å arbeide, men så har det aldri passa. Dei har jo berre ope frå torsdag til søndag. Nettopp dette at kafeen har så sjeldan ope har fått meg til å spørje meg sjølv om det kan vere eit skikkeleg Coffice, for det er ikkje sånn at ein berre arbeidar torsdag til søndag. Men eg må innrømme at eg blei betatt av staden då eg først sat ved eit av borda, høyrde sildringa frå vasken bak disken (kanskje var det oppvasken som var på gong) og regnvêret sildra utafor. 

Etter kvart kom fleire og fleire folk, det blei meir bakgrunnsstøy. Stemninga var heile tida triveleg. 

image

Eg hadde med meg ein kaffidrikkande M som ekspertkommentator denne gongen: “Lyst og fint og behagelig arbeidsbord, sånn jobbmessig. Kanskje, hvis det er mye folk her, blir det fare for bråk. Men lyst og fint, ja. Hyggelig. Ikke den største kaffekoppen, men god … var kaffe, vanlig kaffesmak. Hyggelig med blomster, det gjør seg.”

Og kaféspesialisten A skriv dette om NobelBopel: “tidligere kåret til beste sted å jobbe. Ligger litt avsides, men veldig bra for de som bor i området. Gode supper 🙂 Jeg liker å ha muligheten til å raskt  kunne gå et annet sted dersom det viser seg at en kafé er full – eller plutselig stengt for dagen.”

Pluss: Store bord, fin stemning. God tilgang til straum&internett. 

Minus: Upraktiske opningstider. Liten kaffekopp (men svært søt kaffikopp og 10,- for påfyll, så ikkje eit veldig stort minus)

image

Musikk spelt over anlegget:

Nightcall (LG Re-Edit) – London Grammar
Metal & Dust – London Grammar
Flickers – London Grammar
Darling Are You Gonna Leave Me – London Grammar
I Can’t Make You Love Me / Nick Of Time – Bon Iver

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=as5FZJI6xJU]

image

image

(Dette er åttande kafe i serien Coffices i Bergen)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *