Kan html-kode vere poesi? Bak kvar einaste nettside er det tekst: kodar som bestemmer korleis sida skal sjå ut. Det er datamaskina som les denne teksten, tolkar han og viser han fram. Samstundes er det tydeleg at kodane er laga for menneske. Sjølv ein ikkje-programmerar som meg sjølv kan gå inn i kjeldekoda og lese… Fortsett å lese Er poesi programmering?
Forfatter: sunnivarb
Vakker og elegant iPad-applikasjon
Stjernetime er ein iPad-applikasjon som fortel historia om Stella Aviaja Aster. Frå første tekstbit er det klart at noko har skjedd, ho som leidde andre på veg, er no ho som leitar etter andre. Teksten er skrive av den danske forfattaren Merete Pryds Helle og illustrert av Anne Marie Ploug. «Jeg tænkte: Jeg er lys… Fortsett å lese Vakker og elegant iPad-applikasjon
På eventyr i Ørsta
Eg har vore så heldig å få besøke Ørsta, bu på Ivar Aasens hotell og snakke med Ørstaungdommar. Skulebesøk (og bibliotekbesøk) kan vere svært fint, og spesielt når eg blir møtt av så mange hyggelege folk. På biblioteket kom klassane puljevis, sette seg på rad og rekke. Nokre syntest fremste rad var skummel, andre ville… Fortsett å lese På eventyr i Ørsta
Spoken word
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=VuAbGJBvIVY] Det er muleg å framføre poesi på mange ulike måtar. Over er eit døme der både kroppsspråk, tempo og tonefall er svært viktige ingredienser. Andre måtar å lese opp kan vere meir monoton, kanskje for å ikkje legge for mykje tolking inn i sjølve presentasjonen. Atter andre lagar det meir til ein lydleg… Fortsett å lese Spoken word
Å lese med fingrane
Strange Rain er ein applikasjon for iPad, iPhone og iPod touch som fortel historia til ein mann som stiller seg ute under open himmel. Det regnar, ein høyrer korleis regnet treff bakken. Stemninga blir heilt spesiell, ein kan sjølv regulere kor mykje det skal regne, sjølv trykkje på skjermen og få ord og spredte tankar… Fortsett å lese Å lese med fingrane
Utfor i pocket
Utfor har komme i pocket, ei fin og hendig bok som det er enkelt å ta med seg. Kan anbefalast for vinterkveldar, slik at våren kjem litt raskere.
Uten tittel
Solsnu
Kjærleik i fjesbokas tid
Ei venninne sa til meg at ho ville slutte å lese twilight og andre kjærleiks-historier, for det gjorde at ho nærast vart skuffa over korleis kjærleiken verkeleg er. I kontrast til den Hollywoodske “danse på rosa skyer”-kjærleiken, har eg skrive mitt første e-litterære verk kalla Love in the Time of Facebook. Tittelen spelar på Gabriel… Fortsett å lese Kjærleik i fjesbokas tid
Skrivecafé
Eg har komme over ein god stad for å skrive og lese. Her er store bord, fleire rom, kunst på veggane og te til 30 kroner med gratis påfyll. Sola gliser inn vindauget og praten går lett ved dei andre borda. Internett er gratis og maten er god – han er i alle fall fargerik… Fortsett å lese Skrivecafé
Adventstid
Igjen er det tid for julekalendar på tv-en. Eg vart svært positivt overraska over NRKs Julekongen. Stiliserte karakterar, eit biletleg univers som er kreativt og spanande å vere i. Det triggar fantasien og refererer ulike fortellingar og filmstilar på ein god måte. Eit friskt pust i norsk film/serieunivers. Elles har kulda komme til Bergen. Desember ligg… Fortsett å lese Adventstid