I eit tidlegare innlegg skreiv eg kor galt det gjekk då eg prøvde å bestille frukost med ustø portugisisk på vår lokale café. I dag er soga ein annan. Vi har endeleg (etter i alle fall fem forsøk) funne ut korleis vi kan bestille det vi ønskjer og i dag gav alt uttelling: V har klipt… Fortsett å lese Gjennombrot!
Stikkord: lisboa
Blir ikke det fint da? Det er jo sånt du kan blogge om
Etter å ha gått opp og ned og rundt i Prìncipe Real ein kveld, foreslo V å gå innom ein ekstra park før vi snudde. Eg såg på klokka og spurde kvifor det når vi uansett ikkje fekk tid til å vere der så lenge, og i tillegg var dette ein park vi hadde vore i… Fortsett å lese Blir ikke det fint da? Det er jo sånt du kan blogge om
Det var den morgonen vi åt masse brød med enorme mengdar smør
Andre episode i livet til ein ignorant turist: For tida prøver eg å berre snakke portugisisk når eg skal bestille på café, sånn som i dag tidleg. Eg var glad då eg kjende att ordet for toast på ein plakat og såg bilete av toast med ost og skinke. Men først ville eg spørje om dei i… Fortsett å lese Det var den morgonen vi åt masse brød med enorme mengdar smør
Ein hemmeleg stad i Lisboa
Når sola strålar og det er ein fin ettermiddag og du trur det skal vere fint å vere i Belém og du ser eit oversiktskart med veg til eit miradouro, utkikkspunkt, for utsikt vil du ha og det er klart du kan gå oppoverbakkar, mange oppoverbakkar – Men når du skulle ha komme fram til utkikkspunktet… Fortsett å lese Ein hemmeleg stad i Lisboa
Litterær middag i nådens nabolag
I går var vi på middag hos våre portugisiske vertar J&S, i Graça, der sola låg varmt på bygningane. Det er ekstra fint å få komme heim til nokon på middag i eit framandt land, og ekstra kjekt er det når det viser seg at vi har mykje til felles. Det viste seg at dei òg liker… Fortsett å lese Litterær middag i nådens nabolag
Sol, vind og latter
Førre veke hadde eg tre venninner på besøk og vi utforska Lisboa og områda rundt. Her følgjer ei oppsummering av kva vi opplevde og såg. Kanskje får du lyst til å ta ein tur til Portugal sjølv? I så fall har du her nokre tips til kva du kan gjere: Grill i monsanto Monsanto, største grøntområdet… Fortsett å lese Sol, vind og latter
Ligge i grøne enger
Det har vore ei hektisk veke full av opplevingar og latter. Det kjem eg tilbake til. Men i dag kunne eg ta det med ro. Eg la meg på ein grasplen og såg opp gjennom trekroner til luftige sukkerspinnskyer. Eg gjekk òg opp på utkikkspunktet i nabolaget, åt grilla kylling og såg på alle som naut solnedgangen.… Fortsett å lese Ligge i grøne enger
Ein av oss er alltid vaken
V har floge av garde til Asia og meir enn før blir eg klar over at vi lever på ein klode som går rundt og lyset følgjer mørket følgjer lyset. V står opp like før eg legg meg og det er rart å legge seg til å sove og vite at han har ein heilt ny… Fortsett å lese Ein av oss er alltid vaken
Passe hipt på LX Factory
Ein liten busstur utanfor sentrum av Lisboa, under den store brua, har eit nedlagt fabrikkområde fått nytt liv. Det har blitt ein kreativ stad, med bokhandel, restaurantar, vintage- og kunstbutikkar . Det er tydelegvis ein stad som mange er innom. Då vi gjekk langs gata og eg sa: Å sjå der og sjå der, sa V: Ja, sett… Fortsett å lese Passe hipt på LX Factory
Bom dia!
Vi har vore på språkkurs! Så no kan vi portugisisk til fingerspissane – det vil sei, eg kan så vidt presentere meg sjølv: Chamo-me Sunniva e sou da Noruega. Eu sou escritora. Eu gosto de tirar fotografias as pessoas. Eu sou um irmão. Chama-se Simon. Rein poesi, er du ikkje einig? Det kan godt vere… Fortsett å lese Bom dia!