Mørke bøker overload

Då eg var yngre, kanskje spesielt medan eg gjekk på vidaregåande, likte eg svært godt dystre, tunge – depressive gjerne – bøker, som skildra mismot og likesæle, så lenge dei samstundes var vakre. Gjerne vondt vakre. Eg kjende meg att og bada i dette.

No merkar eg at eg kan få nok av det og ønskje meg ei pause. Eg avslutta nett Havende av Gunnstein Bakke og kjenner behov for å lese noko lettare, noko som løftar og lyser. Eg held òg på med Uroens bok av Fernando Pessoa, som eg liker svært godt – måten han skriv på og skildrar, og det er mykje å kjenne seg att i – men det er fint å ta det inn i mindre dosar og heller lese andre ting innimellom òg.

Alt er like fåfengt som å rote i asken, like diffust som øyeblikket før dagen gryr.

Uroens bok av Fernando Pessa, s. 89

I mi andre bok, Beina i gitaren, skriv eg om Bo som testar ut korleis det er å leve som om ingenting betyr noko. Ho klarer ikkje å sjå at det finst meining i tilværet, ikkje viss ein skal tenkje logisk på det. Ho prøver å argumentere for det med å seie at sidan vi berre er materie og materien følgjer naturlovene må alt vere bestemt på førehand. Hans, ein gut som går ei klasse over henne, går ikkje med på dette, og bruker sine eigne metodar for å argumentere mot henne. Som i starten av boka, der dei går for å bade:

Utdrag frå “Beina i gitaren”

Medan eg skreiv boka tenkte eg ikkje på at dette kunne bli ei nokså mørk bok. Eg kunne ha det svært gøy innimellom medan eg skreiv – så var kanskje humoren nokså svart, men humor var det i alle fall. Eg trur det er ei bok som kan lesast ulikt, avhengig av kvar ein er og kva ein ser etter, og eg trur Bo opplever at det ikkje berre er lett å leve som om ingenting betyr noko. Men eg trur at dette er tankar mange kan vere innom no og då, og difor synest eg det er, og har vore fint, å lese andre sine mørke tankar, men det kan altså bli nok innimellom. Korleis er det for deg?

Eg har òg tenkt ein del på det at det er enklare å skrive triste, dramatiske og mørke tekstar enn lette, lyse tekstar som skildrar glede. Det blir gjerne sett på som meir intellektuelt å vere dyster enn å vere lykkeleg. Kanskje er det ei god utfordring; å prøve å bryne seg på ein lysare tekst.

Legg ved eit bilete av ein relativt mørk dag – og likevel er det glimt av lys og mange ulike fargar.

As Oficinas – kontoret

Utsida til Oficinas. Gammal fasade, nytt inni.

Det var heldig at vi tilfeldigvis gjekk over plassen der det stod eit skilt til coworking-staden Oficinas. Vi hadde ikkje funne eit passande, ledig kontorlokale enno, men der låg det like framfor oss. Då vi sjekka ut nettsida deira blei vi betatt. Då vi kom innom for å sjå, blei vi seld.

Bileta yter ikkje staden rett, lyset her er så fint.  V og eg har fått oss ein pult i øvste etasje. I taket er det hól som slepp dagslyset inn, og langs veggane er det òg render som slepp lyset inn nedover veggen. Alt er nytt og kvitt og reint, og så finst det mange gamle klenodier på hyllene. Ved sidan av meg no står det … eit filmkamera? Det heiter voigtländer og har ein merkelapp som forklarer korleis legge i film. 

Vi deler lokalet med fleire andre, nokre som snakkar fransk, nokre spansk og nokre amerikansk – og portugisisk innimellom. Det er ei god arbeidsatmosfære og i dag er det meldt regn òg, så då er det vel ingen vits i å gjere noko anna.

Rundingane i taket slepp dagslyset inn.

Eg sit i eit hjørne, med vegg bak meg. Det einaste eg saknar er ein vegg til å henge opp alt eg skal hugse på. Det brukte eg mykje då eg hadde mastersalleseplass. Men det er fint å kunne sjå utover i rommet og ut på bygninga på andre sida av veggen, i staden for inn i ein vegg.

Mitt hjørne

Vi kjende ikkje til området før vi fekk kontorlokale her, men i går gjekk vi på utforsking. Det som overraskar med Lisboa er at det er by overalt. Sentrum verkar så stort, uansett kvar vi går, kjenst det som om vi er i eit slags sentrum.

Gatene i området er smale og vakre.

Samjobbing

Éin av grunnane til at vi bestemte oss for å reise til Lisboa, var fordi det verka som dei hadde mange gode plassar for coworking. Ein stad der du anten kan droppe inn for ein dag, eller leige eit kontorlokale for éin månad, to, tre, slik som vi skal gjere.

Plantane veks nedover veggen på Cowork Central

Vi sjekka ut mange ulike stader og det er tydeleg at dette er populært, for fleire av dei stadene vi ønska å leige, var fullbooka.

Det finst svært ulike typar, frå å leige ein pult inne i ein buss (eller ein heil buss, viss du har eit større team) i Village Underground til meir streite stader, som beta-i.

Nokre har brainstorma på dette rommet på Cowork Central

I går sjekka vi ut Cowork Central, som låg perfekt plassert nede ved elva Tejo. Plantar hang nedover veggen og sola skein inn vindauget. Det var mange ulike rom, kreativt utforma og innreia. Men dei hadde ikkje ledige permanente deskar – og var relativt dyre, så vi ville teste ein annan stad òg.

Tilfeldigvis gjekk vi forbi eit nyopna coworking space like i nabolaget vårt og bestemte oss for å teste ut dette. Det verka perfekt … (to be continued, som dei seier)

Høgt over husa, nydeleg utsikt frå badet på Cowork Central

Fint dekorert vask på Cowork Central

Kjølig taushet. Det var som om lydene fra gaten var blitt kappet over med en kniv. Lenge, lenge hvilte et ubehag over alle ting, som om kosmos selv holdt pusten. Universet stod stille. Lenger, lenger, lenger. Stillheten gjorde mørket beksvart.

Med ett, gnistrende stål …

Så menneskelig trikkens metalliske klemt lød! Hvilket lykkelig landskap denne gaten er, gjenoppstått fra avgrunnen ved et ganske alminnelig regn!

Å Lisboa, mitt hjem!

 

Fernando Pessoa, Uroens bok s. 56 – 57

 

 

Abril, águas mil

Eg lurer på om vi kjem til å få sjå at desse trea blir grøne før vi drar … I dag har eg ullstilongs og ulltrøye.

I går høyrde vi eit ordtak her i Portugal: Abril, águas mil – April, regn i tusenvis. April er den siste månaden vi skal vere her. Det bør i alle fall bli heimekoseleg då.