På eventyr i Ørsta

Eg har vore så heldig å få besøke Ørsta, bu på Ivar Aasens hotell og snakke med Ørstaungdommar. Skulebesøk (og bibliotekbesøk) kan vere svært fint, og spesielt når eg blir møtt av så mange hyggelege folk. På biblioteket kom klassane puljevis, sette seg på rad og rekke. Nokre syntest fremste rad var skummel, andre ville… Fortsett å lese På eventyr i Ørsta

Spoken word

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=VuAbGJBvIVY] Det er muleg å framføre poesi på mange ulike måtar. Over er eit døme der både kroppsspråk, tempo og tonefall er svært viktige ingredienser. Andre måtar å lese opp kan vere meir monoton, kanskje for å ikkje legge for mykje tolking inn i sjølve presentasjonen. Atter andre lagar det meir til ein lydleg… Fortsett å lese Spoken word

Utfor i pocket

Utfor har komme i pocket, ei fin og hendig bok som det er enkelt å ta med seg. Kan anbefalast for vinterkveldar, slik at våren kjem litt raskere. 

Skrivecafé

Eg har komme over ein god stad for å skrive og lese. Her er store bord, fleire rom, kunst på veggane og te til 30 kroner med gratis påfyll. Sola gliser inn vindauget og praten går lett ved dei andre borda. Internett er gratis og maten er god – han er i alle fall fargerik… Fortsett å lese Skrivecafé

Adventstid

Igjen er det tid for julekalendar på tv-en. Eg vart svært positivt overraska over NRKs Julekongen. Stiliserte karakterar, eit biletleg univers som er kreativt og spanande å vere i. Det triggar fantasien og refererer ulike fortellingar og filmstilar på ein god måte. Eit friskt pust i norsk film/serieunivers.  Elles har kulda komme til Bergen. Desember ligg… Fortsett å lese Adventstid

Store tankar om tabellar

Mot slutten av syttenhundretalet vart det produsert spesialiserte tabellar, som navigasjonstabellar for sjømenn, stjernetabellar for astronomar og livsforsikrings-tabellar for aktuarar. Tabellane vart produserte av menneskelege datamaskiner (human computers), utan noko mekanisk hjelp. Mange tabellar skulle produserast, og éin feil i ein slik tabell kunne få katastrofale følgjer. Då er det kanskje ikkje så rart at nokon… Fortsett å lese Store tankar om tabellar

Hyttetur anno 2012

Glatte skjermar, feitt frå fingertuppar, blitslys som speglast. Problemet når ein telefon ringer: Vibrasjon gjennom golv og veggar, er det min eller din eller han sin?  “Apparently we love our own cell phones but we hate everyone else’s" – Joe Bob Briggs Eller så kan ein ha moro med kvarandre sine telefonar, og lage eit samarbeidskunstverk… Fortsett å lese Hyttetur anno 2012

Tiden ejer ogsaa os.

Tida er vår, og det stemmer som dei seier: Dess meir ein har å gjere, dess meir får ein gjort. Men av og til, som etter ein tur til Oslo der alt har gått i eitt, kan det vere fint å setje seg ned og la tida gå for alle andre, medan eg sjølv berre… Fortsett å lese Tiden ejer ogsaa os.