Utfor
(Samlaget, 2011)

Bilde av framsida til boka UtforUtfor handlar om ungdommar med løyndommar, om å vere innafor og utafor, om naturvitskap og litteratur, om å kjenne på Newtons lover i kvardagen, om å vere nøydd til å ta eit val om kven du vil vere og om å møte ein gut med lyse krøllar, men sterke hender. Boka kan kjøpast på Samlaget sine sider eller hos haugenbok.

«Det er meg du kan stole på.»
Ubevisst må eg ha rynka augebryna, for han lo og sa: «Trur du meg ikkje? Eg vil likevel gi deg eit råd. Hald deg unna forfattarkvinna. Elles kjem ho til å føkke opp hovudet ditt.»

Inspirasjon og bakgrunn

Lea og dei andre karakterane i Utfor gjorde meg nysgjerrig og eg ville utforske kva det var som eigentleg hadde skjedd på øya. Ideen til boka fekk eg medan eg studerte for å bli sivilingeniør ved NTNU. Planen var å skaffe meg ei skikkeleg utdanning og legge skrivinga på hylla for nokre år. Det gjekk ikkje. All fritid blei brukt til å skrive på manuset.

Inni magen kjendest det som eg hadde ein liten gnagar, som gnaga og beit og pressa seg fram mellom lever og magesekk, opp langs luftrøyret. Men kvifor skulle ikkje eg kunne le av Mia?

Kulturpris og nominasjonar

Utfor blei nominert til Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. I tillegg vart eg tildelt Stiftelsen Kjell Holms kulturpris for 2012. Grunngjeving frå juryen for nominasjon til Brageprisen:

En sterk ungdomsroman fra en ny og lovende stemme. Utfor forteller historien til ungdomsskoleeleven Lea, som kommer flyttende til et lite samfunn hvor hun etter hvert skjønner at noe er veldig galt. Som tittelen indikerer står en utforkjøring sentralt i handlingen, men boka tematiserer utenforskap på flere nivåer og med en stadig stigende uhygge. Gjennom et stramt språk, treffende skildringer og en gradvis avdekking av komplekse hemmeligheter konstruerer Relling Berg en dirrende spenning i sin samtidsberetning.

Meldingar

Eg sokk ned på ein stein med bøkene på fanget. Havet surkla og lokka, kviskra når det strauk over steinane. Vinden kasta våte dråpar på meg. Brua såg naturstridig ut frå der eg sat, så slank på midten, i spenn av desse kablane som var tynne som handledda mine.

Omtale

«Kom inn,» song det gjennom døra. Eg opna og prøvde meg på eit smil. Læraren, Annbjørg, hadde raudkrulla hår til skuldrene og briller hengande i ei snor rundt halsen.
«Du er Lea Skaar,» sa ho. «Vi har venta på deg.»

Ekstra

Livet kjem utan fasit. For å kunne leve må ein også kunne gi slepp på kontrollen. Dette er noko av det Lea tenkjer rundt i Utfor. Matematikk, fysikk og kjemi er fascinerande saker og ofte har eg følt at det er mykje poesi i desse faga, spanande nye tankar å sjå verda på, og av og til er det rein science fiction det vi lærer.

I fysikklassa på vidaregåande lærte vi om resonans, og då vart filmen om Tacoma Narrows vist. Dette gjorde eit stort inntrykk på meg, om kor store konsekvensar resonans kan ha. Det er denne filmen far til Lea nemner i starten av Utfor.

«Så lenge brua held oss oppe, er alt bra,» sa mamma.
«Har eg vist dykk filmen om brua som bølgjar og rasar saman på grunn av resonans? Det –»
Eg slutta å høyre etter kva pappa sa, la handa mot vindauget og kjende kulda i huda: som om handa blei våt av regnet. Vi køyrde av brua. Det blenkte i mørke bølgjer, berre nokre meter frå vegen.