Svolt (medforfattar)

«Ein litterær antologi med nyskrivne tekstar. Skrivekunstakademiet i Hordaland har gjennom 30 år vore landets viktigaste institusjon for utdanning av nye norske forfattarar. Ei rekke av landets fremste samtidsforfattarar frå Karl Ove Knausgård til Gunnhild Øyehaug og Tomas Espedal har vore tilknytt skriveskulen på Verftet i Bergen. Skrivekunstakademiet markerer jubileet med ein litterær antologi med nyskrivne tekstar.

Samlinga inneheld både skjønnlitterære bidrag og essay om litteratur, som samla er ein sterk manifestasjon av korleis skrive og tenke rundt litteratur i Noreg i dag.» Boka kan kjøpast hos Haugenbok.no.

Eg bidrog til antologien med novella Lyden av to hender.

Korleis ho trippar opp trappene i trefjerdedelstakt. Treverket som bøyer seg under fråsparka hennar, ei knaking som murveggane kastar tilbake. Ho set rørsler i heile huset, ei skjelving gjennom borda i stovegolvet. Glaset klirrar mot metallarmlenet det står på. I siste trappa endrar ho rytme, tek store steg, to–tre trinn om gongen.