«14 forfattarar og skribentar fekk stikkordet «Sunnmøre» og vart utfordra til å skrive ein personleg tekst. Fleire gjekk laus på den sunnmørske folkesjela og mytane kring den typiske sunnmøringen, andre skreiv noveller, dikt eller mimrar om barndomen.
Her er sjølvsagt ball, mør og svele. Ein dose fest og spetakkel, såre og vakre barndomsminne, bryllaup, julefeiring, dramatikk og død. Forfattarane er rotekte sunnmøringar, eksil-sunnmøringar, heimflytte sunnmøringar, tilflyttarar – og ein som har gjort det til yrke å vere ålesundar! Historiene vandrar frå sunnmørske fjordar og fjøresteinar til grøne lier og trugande fjell, går innom potetåkeren og til ein kafé eller to.» Boka kan kjøpast hos Haugenbok.no.
Eg bidrog med novella Oppløyst.
Eg følgjer etter han ut. Regnet tar imot oss. Ned denne grusvegen har eg sykla så mange gongar, falle minst ti gongar. På sommaren med mynter i tøyskoen. Kjenne myntane skli fram og tilbake under den nakne fotsolen. Komme fram til butikken, og ta dei opp, varme og småskitne. Kjøpe ein is, jordbærkroneis, sykle med ei hand og isen i andre. Eg hugsar marka bak nausta. Tidleg på sommaren var plantane like høge som eg. Hole stilkar, våte inni. Tenk å gøyme seg inni der, late som ein var i regnskogen eller i Amerika.