Flagrande tankar

A reading of “ThoughtsGo” by David Knoebel from Sunniva Berg on Vimeo. Vi fekk i oppgåve å lage ein video om ein elektronisk tekst. Dette vart resultatet, basert på teksten ThoughtsGo av David Knoebel. I denne teksten blir tankane samanlikna med fuglar, og han utfordrar oss til å tenkje over korleis vi oppfattar og tenkjer. Fuglar… Fortsett å lese Flagrande tankar

KISS

Det enkle er ofte det beste. Eller som vi lærte på Industriell Design: Keep It Simple, Stupid. Det er ofte at interessante løysingar kjem ut av trange kår, at det kan vere nettopp avgrensingane som gir grobotn for nye, grensesprengande tankar. Den vanskelegaste oppgåva er ofte: Design kva som helst. Skriv om kva som helst. … Fortsett å lese KISS

Redd alfabetet!

I Saving The Alphabet av Alan Bigelow får bokstavane liv, før dei blir tatt av dage. Går det an å beskrive ein bokstav når han har forsvunne? Nei, sannsynlegvis ikkje.  Etter kvart som ein les tekstane, legg ein merke til at bokstavane ein har vore innom, forsvinn inn i bakgrunnen. Det er ikkje mange bokstavar ein… Fortsett å lese Redd alfabetet!

Store tankar om tabellar

Mot slutten av syttenhundretalet vart det produsert spesialiserte tabellar, som navigasjonstabellar for sjømenn, stjernetabellar for astronomar og livsforsikrings-tabellar for aktuarar. Tabellane vart produserte av menneskelege datamaskiner (human computers), utan noko mekanisk hjelp. Mange tabellar skulle produserast, og éin feil i ein slik tabell kunne få katastrofale følgjer. Då er det kanskje ikkje så rart at nokon… Fortsett å lese Store tankar om tabellar

Hyttetur anno 2012

Glatte skjermar, feitt frå fingertuppar, blitslys som speglast. Problemet når ein telefon ringer: Vibrasjon gjennom golv og veggar, er det min eller din eller han sin?  “Apparently we love our own cell phones but we hate everyone else’s" – Joe Bob Briggs Eller så kan ein ha moro med kvarandre sine telefonar, og lage eit samarbeidskunstverk… Fortsett å lese Hyttetur anno 2012

Tiden ejer ogsaa os.

Tida er vår, og det stemmer som dei seier: Dess meir ein har å gjere, dess meir får ein gjort. Men av og til, som etter ein tur til Oslo der alt har gått i eitt, kan det vere fint å setje seg ned og la tida gå for alle andre, medan eg sjølv berre… Fortsett å lese Tiden ejer ogsaa os.

Bokstavdikt

Er det viktig at eit dikt er eit ope eller lukka verk? Er det viktig med tradisjon eller form? Meining eller meininglause, innhald eller mediumet det blir laga i? Skal diktet vere subjektivt eller objektivt, intellektuelt eller skrive med eit tjukt lag kjensler?  Ana Maríe Uribe har laga verket (Gym 3) over, ho kallar det anipoems… Fortsett å lese Bokstavdikt