Abril, águas mil

Eg lurer på om vi kjem til å få sjå at desse trea blir grøne før vi drar … I dag har eg ullstilongs og ulltrøye. I går høyrde vi eit ordtak her i Portugal: Abril, águas mil – April, regn i tusenvis. April er den siste månaden vi skal vere her. Det bør i alle fall bli… Fortsett å lese Abril, águas mil

Ein grafisk by

Vi gjekk på måfå oppover og nedover i Lisboas gater, då V med eitt la merke til skrifta på veggen innanfor ein boga port. Det viste seg at innanfor var det eit museum som viste den grafiske skiltarva til Lisboa. Utstillinga viser fram skilt og fonttypar som er utdøyande, som har blitt tatt ned frå… Fortsett å lese Ein grafisk by

I dag vakna vi opp i Lisboa

Sidan eg aldri fekk dratt på utveksling medan eg studerte, har eg tenkt at – ein eller annan gong – vil eg dra og bo i eit anna land for ein periode. Eg har vel tenkt dette i tre–fire år, og endeleg har eventyret byrja. I går gjekk vi på flyet i Bergen, mellomlanda på… Fortsett å lese I dag vakna vi opp i Lisboa

Nydelege bokbilder

I dag kom eg over ein profil som heiter @Pollyandbooks og eg blei bokglad av å sjå alle dei fine bokbileta. Instagram kom sjølvsagt med fleire liknande sider då eg først hadde byrja å følgje Polly, @therusticwindow og @wildlinggirl har mange bilete i same stil, men det var no Polly eg fall for først. Ho… Fortsett å lese Nydelege bokbilder

Publisert
Kategorisert som Hugskot

Uten tittel

Hun teller, kroppen hennes venter på et lynglimt, venter på ulltepper og et rustent teegg i kokende vann i gamle, støvete tekanner, venter på et uvær som kan trekke over havet, skyene som et istykkerrevet kjoleslep i fløyel rullende over himmelen, som nå er som en voksende, mørk hvelhving på den andre siden av rutene,… Fortsett å lese Uten tittel

På eventyr med bokbussen

Første dag på eventyr med Bokbussen! Det starta i eit slafsete Trondheim, med regn som øydela nysnøen frå dagen før. Tidleg på morgonen gjekk eg til folkebiblioteket for å bli møtt av bokbussjåføren. Før biblioteket hadde opna, stod eg der, og blei henta inn i bygget frå ei sidedør.  Det var som om eg skulle… Fortsett å lese På eventyr med bokbussen

Banned books week

Frå 27. til 3. oktober blei Banned books week feira mange stader i USA. Det er The national book community si årlege feiring av fridomen til å lese. Hundrevis av bibliotek og bokhandlarar set fokus på problema knytt til sensur.  Eg kjende ikkje til denne veka, før eg byrja å jobbe deltid på eit bibliotek. Og… Fortsett å lese Banned books week