Det har vore nokre forunderleg fine veker i New York. Takk vere folk som kjenner New York betre enn oss, fekk vi mange tips om kva vi burde oppleve. Vi sette stor pris på det. No har eg samla tipsa, og lagt til våre eigne tips, viss andre skulle vere så heldige å dra til… Fortsett å lese What to do in NYC
Forfatter: sunnivarb
Uten tittel
Dagane flyg i NYC. Frå morgon til kveld er det ting å gjere. Gå over bruer. Sjå i butikkar, loppemarked. Spasere gjennom parkar. Vere på bokslepp på ein uavhengig bokhandel, og vaske klede på det lokale vaskeriet.
Reisenotat
Om å gå på universitetssightseeing Den siste tida har eg besøkt fleire universitet, m.a. Yale, Harvard og MIT. På Yale var eg turist, såg storøygd på det meste og hadde kameraet i handa. På MIT prøvde eg å gli inn blant elevane. Eg studerte dei og sette ned ei liste over korleis ein kan gli… Fortsett å lese Reisenotat
Uten tittel
KUNNSKAPEN III Eg byrja å tru at det berre fanst fantastisk store og kongelege bibliotek her, men så fann eg eit meir vanleg eit på MIT. Trapper i mur, metall, påklistra papirlappar guidar vegen. Store og små hyller. Bøkene er i alle fall sterkt tilstades i kvart rom, og utgjer det meste av dekoren.
Uten tittel
KUNNSKAPEN II Det offentlege biblioteket i Boston. Staseleg. Eit stort rom utan nokon ting inni, berre måla veggar, tak og golv. Hallar, staute løver som ser langt over hovuda våre.
Uten tittel
BOSTON TIL FOTS Går heile dagar. Korsryggar verkar. Snøen driv gjennom lufta, men av og til splittar sola skyene og målar raudne i kinna våre. Då kan fotoapparatet tas fram (eller mobiltelefonen som det no har blitt). Smale gater. Opne parkar. Allégater og handlegater. Gater med engelsk preg. Industriområde. Gedigne bensinstasjonskilt, større enn hus. Hyggeleg… Fortsett å lese Uten tittel
Uten tittel
KOLLEKTIVT Frå Fairfield til New Haven, så vidare til Boston. Ei rutetavle som brettar seg fram til rette tider, spor og stader. Sol inn bussruta, kokande kinn. Kø av trailere på motorvegen.
Uten tittel
KUNNSKAPEN Bibliotek på Yale. Til forveksling lik ei kirke. Store boger, glasmaleri. Trur eg skimtar Shakespeare på eit av vindauga. Over ein av bogene står det: If I must be a prisoner I would desire to have no other prison than that Library Dersom ein er fengsla i eit bibliotek, har i alle fall tanken… Fortsett å lese Uten tittel
Reiseskriving
Reising og skriving. Mange forfattarar reiser og mange har skrive om det. I haust leste eg Rønnaug Kleiva si ARMENIA ALBANIA ARGENTINA. Ei fin og spanande bok, om ei kvinne som reiser åleine. Eg blei inspirert. Det høyrest forlokkande ut, men eg er glad eg denne gongen skal dra saman med nokon, og har ein… Fortsett å lese Reiseskriving
Om kjensler og empati – og dataspel
Korleis skrive slik at lesaren kan oppleve det same som karakteren? Då eg var yngre kunne eg skrive ei historie og etterpå vere frustrert over at alt eg hadde gjort og følt saman med karakteren (sinne, sitrande glede, uendeleg sorg) ikkje kom fram i orda. Det eg hadde skrive var berre setningar, ord etter kvarandre… Fortsett å lese Om kjensler og empati – og dataspel