Korleis skrive slik at lesaren kan oppleve det same som karakteren?
Då eg var yngre kunne eg skrive ei historie og etterpå vere frustrert over at alt eg hadde gjort og følt saman med karakteren (sinne, sitrande glede, uendeleg sorg) ikkje kom fram i orda. Det eg hadde skrive var berre setningar, ord etter kvarandre – medan det eg hadde opplevd medan eg skreiv var å komme inn i ei ny verd. Nye stader, nye lukter, nye lyder. Karakterane var menneske som var viktige for meg. Eg kunne bli så trist at tårene rann dersom ein av karakterane mine opplevde noko fælt. Og likevel, enn så mykje eg følte, bestod historia berre av korte, nakne setningar, mest av alt eit skjørt og tynt byggverk, eit skjelett utan kjøt.
På ein måte har eg gitt opp draumen om å få fram akkurat det eg kjenner og føler i ein tekst, men eg arbeidar heile tida for å gi lesaren rom til å kjenne, og ha sine eigne oppdagingar, eigne assosiasjonar og kjensler. Det er spanande. Moglegheita til å leve seg inn i ein annan situasjon er noko av det eg synest er styrken ved bøker. Eg trur eg har lært mykje om empati frå det eg har lest.
Men det er ikkje berre med ord ein kan skape empati. Ulike kunstformar og uttrykk kan nyttast til å gi lesaren eit innblikk i livssituasjonen til ein annan. Dys4ia er eit sjølvbiografisk spel om då forfattaren skulle prøve hormoninnsprøyting. Spelaren går gjennom ulike faser i denne prosessen. Spelaren må sjølv kjenne på frustrasjon, til dømes når det ikkje er muleg å få ei brikke gjennom hólet i muren. I dette spelet får ein levd seg inn i korleis eitt anna menneske har opplevd noko. Det gir eit innblikk i hennar tankar og kjensler rundt situasjonen.